Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brannvernveka – ei nasjonal brannøving

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. september 2017

Brannvernveka er ei brannøving som foregår på alle brannstasjonar over heile landet, og som blir runda av med open dag på alle brannstasjonar i dag. Open dag var det sjølvsagt på brannstasjonen i Todalen og, der det var mange som var innom for å sjå og høre om kva du kan bidra med i heimen.

Mange nye brannkonstabler med tøffe hjelmar, saman med Håvard halset og Anders A. Karlsen som er ekte brannkonstablar. Foto: Jon Olav Ørsal

Her var det ein form for natursti, der du kunne finne aktuelle spørsmål om brannvern i heimen og få ein liten premie for deltakinga.  Mange små brannkonstablar vart ivrige på brannvern når dei fekk på seg raude hjelmane og vart «ekte» brannkonstablar. 

Uansett er det i allfall viktig at det drives forebyggende arbeid med tanke på å unngå brann og at folk får lære seg å slokke branntilløp, før det utveklar seg til ein skikkeleg brann. Det er så viktig å stoppe brann tidleg, og det er derfor at det lokale brannvernet er ein kjempeviktig ressurs i bygda. På same måten er også tenesta med hjartestartaren ein viktig funksjon. Ved melding om hjartestans kan uttrykninga frå det lokale brannlaget være på plass lenge før ambulansen nærmar seg Todalen – og det kan være viktige minutt.

Maria deltok i natursti med aktuelle spørsmål om brannvern. Foto: Jon Olav Ørsal

Post 5 – Håvard Halset er utrykningsleiar for brannlaget i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Post 2 – Når det brenn er det er nok viktigst at du veit at alle er har kome seg ut enn svara på alternativ 2 og 3!

Publisert: 23. september 2017, 17:31