Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pilfletting – kunstverk frå naturen

Jon Olav Ørsal Sundag 24. september 2017

Denne veka har det vore gjennomført eit kunstprosjekt i Svinviks arboret.  Pilfletting har stått i fokus, og det har vore kunstnarane Jorun Kraft Mo og Marit Moen som har vore prosjektleiarar, medan deltakarane i prosjektet har vore lærarar og andre som har lyst til å lære denne kunsten – mellom anna har Start 4H vore aktive deltakarar i programmet. 

Laurdag var det avslutning og open dag i arboretet, der alle som hadde lyst kunne ta turen innom for å sjå resultatet og prøve seg på litt pilfletting dersom dei hadde lyst.  Vi stakk innom ein snartur og har laga eit bildegalleri frå arrangementet som du kan sjå nedafor.

Pilflettingsprosjekt i Svinviks arboret – avslutning med open dag.  Alle foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. september 2017, 10:23