Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9114 artiklar i dette arkivet.


Triveleg konfirmantfest i Ungdomshuset

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. oktober 2017

Laurdag kveld arrangerte soknerådet i Todalen konfirmantfest i Ungdomshuset; – her var både dei som vart konfirmerte i 1967 og dei som skal konfirmerast våren 2018 inviterte. Det var godt oppmøte både av konfirmantar med familie og bygdefolk, og det vart ein triveleg kveld.a


Lever med brannfaren – er klar til å evakuere…

Jon Olav Ørsal Fredag 13. oktober 2017

Ein telefon til California i dag bekreftar at todalingen Jean Kvendset har det bra heime i Pope Valley, til tross for at det raser fleire hundre brannar i den nordlege delen av California der ho bur. – Klokka er berre 7 om morgonen når vi ringer, men Jean har alt vore opp eit par timar. Himmelen mot sør og aust er ekstra raud på grunn av røyken som ligg i lufta og minner om dei mange skogbrannane.


Runda av stavgangsesongen for i år

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. oktober 2017

Det er kanskje litt symbolikk i at årets stavgangsesong blir avslutta på Vang skistadion – da er vi nemleg «på sporet» til meir vinterlege aktivitetar.  Før vi veit ordet av det kan det faktisk bli skiaktiviteter på Vang for vi skriv faktisk 12. oktober i dag.  Nok om det – på dagens arrangement var det i allfall barmarkaktiviteter, og heile 47 deltakarar var med på dagens stavgang. 


Arne fikk storoksen på kornet

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. oktober 2017

Storli jaktlag har den siste veka jakta intensivt – først nokre dagar i Rodalen og dei siste dagane på Terråk i Bindal kommune, der dei leiger eit vald for jakting av elg. 


Feira 1 år i nytt fjøs

Dordi Jorunn Halle Onsdag 11. oktober 2017

For nøyaktig eit år sidan tok Olav Halle og familien i bruk nytt fjøs i Austistua på Hala i Todalen. Så i dag, 11. oktober 2017, var det både synfaring i fjøset, evaluering og bursdagsfeiring.


Sesongslutt på Vang for stavgangarane

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. oktober 2017

Torsdag 12 oktober avsluttar stavganggruppa sesongen, med skisenteret på Vang som utgangspunkt. – Starter som vanleg kl 11.00, og avsluttar innendørs med graut og bakels etterpå. Vel møtt kvar og ein, helsar leiaren Kristian Ranes.


California: Mista heimen sin i branninferno…

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. oktober 2017

Nyheitssendingar frå California som har nådd oss har vore prega av store skogbrannar i Napa-regionen, og området rundt byen Santa Rosa der brannen har hatt katastrofal utvikling. Fleire tusen hus er brent ned det siste døgnet. Denne brannen har og vore katastrofal for Birgitte Kvendset og familien hennar, som i løpet av det siste døgnet har mista alt dei eig i denne brannen.  – Men dei har klart å berge seg sjølve unna, og er no evakuert til eit trygt område, fortel søstera Line Kvendset til Todalen.no


Kløvertur i nydeleg haustver

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. oktober 2017

Kløverturen måndag 9. oktober gjekk frå Forsamlingshuset på Nordvik og opp til Nordviksetrene. Sol frå skyfri himmel, klår haustluft og vindstille – flott turver!


Kløvertur til Nordviksetra

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. oktober 2017

Måndag 11. oktober går Kløverturen til Nordviksetra. Turen går stort sett etter fin skogsveg og etter grei stiga den siste biten.


Redningsaksjon for småbåt på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. oktober 2017

Bølgene frå ein floing senka ein småbåt på Todalsøra i føremiddag.  Store nedbørsmengder det siste døgnet gjorde nok at den flaut tungt i sjøen, og når det så vart litt ekstra bølger så vart båten fylt med vatn og dermed gikk den rundt og sank.


Saniteten: – Kjøp lodd og vinn!

Jon Olav Ørsal Fredag 6. oktober 2017

Søndag 8. oktober er det basar i Sanitetshuset.  Det er Todalen sanitetsforening arrangerer sin årlege storbasar, og da er det førehandssalg på Matkroken i fredag og laurdag slik at alle skal få ein sjanse til å støtte med litt loddkjøp.


Stavgang til Bettennesset i nabokommunen Halsa

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. oktober 2017

På årets nest siste stavgangtur vart det utflukt til nabokommunen Halsa, og stavgangtur til Bettennesset. Her er det fint tilrettelagt, med parkeringsplass på langrennstadion i Betna, så kan du ta runden oppetter vegen og gjennom skogen etter vegen som går fram til Bettennesset hyttefelt, der det er registrering av StikkUt-turen.