Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ekstremvêret Cora kjem søndag – blir det mest utmed kysten?

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. januar 2018

Søndag morgon og føremiddag melder Meteorologisk Institutt om ekstremvêr for området mellom Stadt og Rørvik. Da vil det bli sterk vind som først vil ramme utsette stader på kysten, men som etter kvart vil dreie vestlig og nordvestlig og dermed kome inn over land. Utpå dagen vil vinden være avtakande.

Vinden vil først gå langs kysten av Møre og Romsdal, før den på formiddagen skifter retning og går rett på land i Trøndelag. Slik er været ventet å være ved titiden søndag. Foto: Meteorologisk institutt

Det er nok vanskeleg å seie kva omfang dette ekstremvarselet får lokalt, men det vil heilt sikkert lønne seg å sikre lause ting som kan forsvinne i den sterke vinden som er meldt.  Nedafor kan du lese ekstremvarselet som er sendt og så får kvar enkelt følge med på oppdateringar og nye varsel etter kvart.

Her finn du vêrvarselet time for time frå yr.no

Meldinga om ekstremvêret «Cora» ser sli ut, og gjeld for:
Møre og Romsdal
Tidleg søndag morgon auking til sørvest sterk storm utsette stader, søndag føremiddag dreiing til vestleg full og til dels sterk storm, seint om føremiddagen dreiande nordvest og avtakande. Det er venta vindkast mellom 35-40 m/s inn over land. Vinden kombinert med nedbør som snø vil gje lokalt vanskelege køyretilhøve.
Trøndelag
Søndag morgon auking til sørvest sterk storm utsette stader, søndag føremiddag dreiing til vest til nordvest sterk storm, på kysten kan hende kortvarig orkan. Utover ettermiddagen avtakande. Det er venta vindkast mellom 35-45 m/s inn over land. Vinden kombinert med nedbør som snø vil gje lokalt vanskelege køyretilhøve.
Skildring av vêrsituasjonen:
Laurdag føremiddag ligg eit lågtrykk 1009 hPa over Island (66 nord 17 vest). I løpet av laurdag ventast lågtrykket å utvikla seg til eit stormsenter i Norskehavet. Første del av søndag vil stormsenteret ligga i Norskehavet og set opp eit kraftig sørvestleg vindfelt. Søndag føremiddag treff stormsenteret på 990 hPa kysten av Helgeland og vinden vil dreia på vest og seinare nordvestleg retning. Stormsenteret vil fortsetja austover og raskt avta i styrke. Søndag kveld er stormsenteret venta 1003 hPa over Bottenviken.

Publisert: 6. januar 2018, 15:19