Todalen historielag minner om årsmøtet onsdag 20. mars.
Todalen historielag melder at det blir årsmøte i Ungdomshuset onsdag 20. mars kl. 18.30.
Vi fann 9167 artiklar i dette arkivet.
Todalen historielag melder at det blir årsmøte i Ungdomshuset onsdag 20. mars kl. 18.30.
I helga var det midt norsk mesterskap i Taekwon-do i Rosenborghallen i Trondheim. Surnadal Taekwon-do klubb er i siget no, og gjorde det bra i helga også, skriv klubben i ei pressemelding.
I helga har Surnadal I.L. freeski/alpint stått som arrangør av «Pipelife Show & Style» som har gått over 2 dager, men litt trening og uhøgtidleg finpuss av forma på laurdag, da også arrangement i kulturhuset var ein del av programmet. Søndag var det klart for «Slopstyle Show And Style» i Sæterlia Snowpark som er det 4. av 4 renn i Midt-Norge i vinter. 37 deltakarar stilte på startstreken, og viste imponerande egenskaper på ski – berre så synd at det var iskald vind med snøfokk det meste av arrangementet.
På Skihytta er det i helga arrangert vinterblot, og dagens øving har vore skiskyting med internasjonal deltaking. Resultatlista understrekar kor suveren Norge er i denne sporten, der dei beste utlendingane kom kom på 6. og 9. plass. Kristoffer Nordvik kom ikkje uventa på topp, Endre Talgø på andreplass og Ola H. Ansnes tok 3.plassen. Først på 6 plass kom den beste tyskeren, der Carsten Bohle representerte ein av de største skiskyttarnasjonane. Beste svenske deltakar, Bjørn Halle Larsnes, kom på 9.-plass.
Denne veka har Nils-Erik Ulset vore i Japan – eller nærare bestemt i Sapporo – på skiskyting der han vart nummer to på sprinten i verdscupavslutninga. Han vart fattige 4 sekund etter vinnaren Benjamin Daviet fra Frankrike. Begge skaut fullt hus i konkurransen torsdag.
Torsdag 14. mars vart det siste rennet i Svorka-karusellen arrangert på Nordmarka skisenter. Fem gutar frå Todalen har vore med på dei fleste av dei fem renna i vinter, og torsdag vart det premie for innsatsen. Alle fekk medalje, turkopp og «skiband» for å binde saman skiene under frakting.
Røde Kors forbinder du kanskje med Røde Kors Hjelpekorps. Dei gjer ein viktig jobb når det for eksempel er nødvendig med ein leteaksjon i fjellet eller en redningsaksjon på sjøen. Men Røde Kors er engasjert i mye annet også, blant annet har dei eit korps med besøksvenner. Mange mennesker i Norge savner en fortrolig venn, og da stiller omsorgsgruppa opp.
Rando-VM i Villars, Sveits nærmar seg slutten der dei i dag har konkurrert i greina vertikal. Todaling på startstreken også i dag, med gode prestasjonar i ei krevande løype. Dagens trasé var kanskje ikkje heilt etter «malen» som Todalen IL brukar, fortel Gudmund Kårvatn frå hotellet i Villars. – Traseen var til tider veldig bratt, og dertil veldig slak i andre parti, fortel han. God teknikk på diagonalgang var eit fortrinn, og ikkje minst valg av feller. Her vart det derfor lurt å velgje feller med god glid, framfor godt feste.
Den var ikke akkurat beskjeden, omtalen man kunne lese i avisene etter debutkonserten til Hemsing/Larsen. Når Eldbjørg og Ragnhild Hemsing og Gjermund og Einar Olav Larsen holder konsert, er det duket for en heftig opplevelse med disse søskenparene, som på hvert sitt felt regnes blant landets fremste. De presenterer et program som spenner fra folkemusikk fra Valdres og Trøndelag til verker av Bach, Ole Bull og kvartettens egen Gjermund Larsen!
Den som har lagt merke til at det er kome eit nytt lite hus som det står AGA på, har oppdaga det nye gasshuset til HalsOil. HalsOil har nemleg utvida sortimentet og fått inn propangass på lager og for salg. HalsOil er alt i gang med leveransane og det passar godt no føre påskefeiringa startar.
Måndag 11. mars var det ny vri på Kløverturen i Todalen sanitetsforening – da var det invitert til innetrim i Sanitetshuset med fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset som instruktør.
Preiketeksta første søndag i fastetida er henta frå Matteusevangeliet og har overskrifta «I Getsemane» – ei kjent tekst som handlar om Jesus siste dagar før påske. Sokneprest Kristin Strand forklarte at det i kyrkjeåret er to fastetider; advent er den første fastetida i kyrkjeåret og blir avslutta med Jesu fødsel. Den andre fastetida er vekene før påske og handlar om Jesu lidingssoge. Fiolett er liturgisk farge for båe dei to fasteperiodane.