Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skal bruke ein månad på å presentere heimfylket

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. april 2019

Oda Halle er snart midt inne i ein spennande aprilmånad. Ho er ein av 20 ungdomar som får bruke ein månad på å presentere sitt eige heimfylke – Møre og Romsdal.  Det er skofabrikken Alfa som har ei bloggside der 2o ungdomar altså får bruke, og Oda er alt godt i gang med Møre og Romsdal.  Sist helg var ho i Reinheimen på ein tre dagers tur og påska har ho tenkt å bruke i Trollheimen.  Mellom anna har ho planlagt ein tur frå Gråhugen i Folldalen og til Innerdalen.

Oda har mykje å ta av når ho skal vise fram heimfylket Møre og Romsdal. Foto: Privat

Det må jo bli ein kjempetur ettersom yr.no melder om drømmepåske når det gjelder vêret.  Turar i fjellet er nok midt i blinken for Oda, som har vakse opp på Hjellnes i Todalen med naturen heilt innpå seg.  Ho har alltid lika seg i naturen og det er kanskje ikkje noko overrasking at ho har utdanna seg til biolog.  No er ho iallfall glad for at ho fikk denne sjansen på ALFASKO sine bloggsider, og dersom du har lyst kan du følge Oda på ALFA-bloggen og på Instagramkontoen til Oda

Publisert: 11. april 2019, 07:00