Sommeridyll vant månadens bilete for august.
Det ble sommeridyll og Kjersti Søyset Holmestad som vant august sitt månadens bilete. Vi gratulerar og lovar og overrekka ein kopp som premie til deg.
Vi fann 9220 artiklar i dette arkivet.
Det ble sommeridyll og Kjersti Søyset Holmestad som vant august sitt månadens bilete. Vi gratulerar og lovar og overrekka ein kopp som premie til deg.
Yr melde godt ver, og Sanitetsforeninga slo til og inviterte til Rusletur og lunsj oppå Tjønnmyrå. Og det vart riktig fint ver – sol frå skyfri himmel, og det samla seg godt med folk ved gapahuken.
Dei som pakka sekken og stakk til fjells for å delta i årets Trollheimsmarsj fikk seg ein kjempefin dag på turen over Vardan frå Ålvundeid til Todalen. Sjølv om interessen for Trollheimsmarsjen har dala dei siste åra, så fekk iallfall dei som deltok på dagens tur over fjellet ein kjempefin tur i strålande vêr.
Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje, der neste års konfirmantar vart presentert. Dei er tre i talet og skal gjennom hausten og vinteren få konfirmasjonsførebuing, og skal ta del i gudstenestene saman med soknepresten. Under gudstenesta var det også dåpshandling, der lille Louise Røv vart båret til dåpen.
Trollheimsmarsjen 2019 er i gang. Det er i år 10. gong at Trollheimsmarsjen går over Vardan mellom Ålvundeid og Todalen. marsjen vart innstifta i samband med 100.årsjubileet til Todalen I.L. og I.L. Ulvungen. Eigentleg er det 12. gongen at marsjen er tillyst, men 2 gong har det vore avlysing på grunn av vêret.
Laurdag ettermiddag var det for første gong denne hausten Fredrikkekaffe, og det vart ei retteleg triveleg handarbeidsstund. Nesten 20 kvinner var på plass i Sanitetshuset, og det var tydeleg at det var stas å møtast etter ferien. Kjekt var det også med nye fjes på Fredrikkekaffen.
Erik Kårvatn deltok laurdag under Ungdomsmesterskapet i friidrett på Jessheim. Erik har mange gode løpsresultater å vise til denne sesongen, og han var kvalifisert til å delta 800 meter. Etter ein sterk spurt vann han eit av dei 3 heata på 800 meter for G16.
Sanitetsforeninga inviterer måndag 9. september til KløverRUSLEtur og lusnj oppå Tjønnmyrå! Det blir først tur for den som vil, og etter turen blir det lunsj med grilling av pølse med tilbehør. Alle er velkomne!
Nysnøen i Snøfjellet, Skjeringfjellet og Grinaren minner oss om at vinteren er i kjømda. Natt til torsdag var minimumstemperaturen nede på 3 grader, medan natt til fredag var ein grad betre med 4 varmegrader – men enno inga frostnatt her på bruket.
Skal du feire «jebbursdag» snart, så er det ein god ide å lage ei aktiv feiring – enten på Tjønnmyran med base i gapahuken, eller på Bordholmen med base i klubbhuset eller klatreveggen. Det er berre å ta kontakt og avtale tidspunkt når det er ledig for utlån.
Trollheimsmarsjen har historie heilt attende til 2008, da Todalen I.L. og I.L. Ulvungen fylte 100 år og som ein del av jubileumsarrangementet starta eit samarbeid om Trollheimsmarsjen mellom Leikvoll på Ålvundeid og til Bordholmen stadion i Todalen. Årets arrangement er det 10. i rekkja, og blir altså arrangert komande søndag 8. september – med start frå Ålvundeid.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 7. september frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne!