Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsmarsjen 2019 – klar for avgang

Jon Olav Ørsal Sundag 8. september 2019

Trollheimsmarsjen 2019 er i gang. Det er i år 10. gong at Trollheimsmarsjen går over Vardan mellom Ålvundeid og Todalen. marsjen vart innstifta i samband med 100.årsjubileet til Todalen I.L. og I.L. Ulvungen. Eigentleg er det 12. gongen at marsjen er tillyst, men 2 gong har det vore avlysing på grunn av vêret.  

Todalen.no var oppmøtt til bussavgangen frå Bordholmen, og det var ingen stor skokk som Jorunn Nordvik kunne sende av stad med bussen. Det var 8 personar som ønska skyss med bussen over til startpunktet på Leikvoll på Ålvundeid. 

Jorunn Nordvik er parat til å ta i mot turgjengarane når dei etterkvart kjem over fjellet til Todalen og målgang på Bordholmen. Foto: Jon Olav Ørsal

Frå Leikvoll var det høve til å starte turen over fjellet frå kl 8.30, og Jorunn rekna med at turen over fjellet tek rundt 5 timar for dei fleste deltakarane. På turens går den merka ruta opp til 850 m.o.h før nedstigninga til Todalen og Bordholmen startar.  Med det flotte vêret vi har fått i dag så blir nok dette ein kjempeflott tur over fjellet, seier Jorunn Nordvik som representerte TIL på Bordholmen i dag tidleg. 

Når deltakarane kjem i mål på Bordholmen stadion vil dei bli tekne mot av Todalen I.L. Her på Bordholmen er det open kiosk og sal av sodd til middag, og elles bys det på graut og bakels og forfriskninger elles. 

Publisert: 8. september 2019, 08:38