Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sterk innsats i UM på Jessheim for Erik

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. september 2019

Erik Kårvatn deltok laurdag under Ungdomsmesterskapet i friidrett på Jessheim. Erik har mange gode løpsresultater å vise til denne sesongen, og han var kvalifisert til å delta 800 meter. Etter ein sterk spurt vann han eit av dei 3 heata på 800 meter for G16. 

I hans klasse G16 var det 3 heat, og Erik startet i 2. heat som han like godt vann på tida 2.05,56. I samandraget heldt det til ein 9. plass, da både 1. og 3. heat vart vunne på sterkare tider. Gjennom løpet låg Erik omtrent midt i feltet, men etter ein kjempespurt vann han altså sitt eige heat – heat nr 2.  Erik deltek for Rindal I.L. i friidrett denne sesongen. 

Erik i har starta målspurten, og kom først over målstreken i sitt heat. Foto: Jens E. Indergård

 

Resultatlista frå heat nr 2 for G16 – totatlt kom Erik på 9.-plass på 800 m på Jessheim. Foto: direktesport.no

Og så bar det opp på pallen og velforten premie for beste tid i heat 2! Foto: Jens E. Indergård.

Først publisert: 7. september 2019, 16:10 - Sist oppdatert: 8. september 2019, 08:40