Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9168 artiklar i dette arkivet.



Pro- pro mille, det kan gå deg ille…

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. november 2019

I føremiddag var det kontroll av promille og førarkort ved Talgøfabrikken på Kvennset. Anders Magne Ormset og Olav Halse frå lensmannskontoret i Surnadal kontrollerte trafikken inn- og ut av bygda. Dei rakk å kontrollere rundt 25 billistar på den stunda dei stod der og vi kan straks røpe at resultatet var positivt. Ingen fekk anmerking verken for promille eller mangel på førarkort – alle todalingar var klåre, fortalte Ormset etter at kontrollen var over.


Ny vasskjelde skal forsyne heile Ørsalbukta

Jon Olav Ørsal Fredag 8. november 2019

Den siste veka har det pågått arbeid med ny vasskjelde for Skrøåa vasslag i Ørsalbukta. Dei har tidlegare henta vatn frå bekken som renn forbi Utigarden Ørsal, der flaumvatn/overflatevatn har vore ei utfordring kvalitetsmessig. No er nytt inntak på gang, og da blir vatnet henta frå Krokann, der det har vore grunnboring for nokre år sia og er ei kjelde med prima kvalitet.



Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 7. november 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 9. desember i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!


Snøproduksjon går for fullt i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. november 2019

I Sæterlia «snør» det jamnt og trutt om dagen. No gjeld det å nytte kuldegradane for å produsere ein såle med kunstsnø i alpinbakken, slik at ein har noko å slite på utover vinteren. meteorologane lover iallfall ein kald vêrtype til tysdag eller onsdag så her blir det nok snøproduksjon gjennom heile helga. Men ut i neste veke er det fare for mildvêr igjen med søraustleg vindretning ifølge yr.no


Hageland opna julebutikken i dag

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. november 2019

På Hageland opna dei «julebutikken» i dag. Alle julevarer er på plass i butikken og opningsdagen blir markert i alle Hageland på denne dagen. – Aldri har vi vel hatt så flott juleutstilling og så mykje julevarer på plass i butikken som vi har i år, seier May Britt Dyrli. Dette markerer vi på opningsdagen, og fram til og med laurdag, med 30 % rabatt på alle julevarer.


Middag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. november 2019

Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening melder at det blir middag for folk i bygda igjen. Middagen blir i Sanitetshuset tysdag 12. november kl. 14.00.


Kløvertur i haustsol

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. november 2019

Låg sol og høge fjell gjer at det no blir mindre og mindre sol nede i bygda. Kløverturgjengen la dermed trimturen første måndagen i november til Hjellnes. Solstrålane vart utnytta til fulle; – da kaffepausen var over, gjekk sola ned bak fjella.


Spilder ny nettbutikk på gang

Jon Olav Ørsal Måndag 4. november 2019

Dette er den største satsinga vi har gjort på Kårvatn Fjellutstyr, seier Gudmund Kårvatn, og legg til at det sjølvsagt er unnateke bygginga av låven der butikken held hus. Den nye nettbutikken blir egentlig felles for forbrukarkundar og forhandlarkundar, men ikkje heilt lik for dei to kundegruppene. Det nye systemet vil forenkle arbeidet for dei som jobbar i butikken og vil frigjere meir tid for aktivt salg og betre service for kundane, seier Kårvatn.


Endeleg vart det asfaltlegging

Jon Olav Ørsal Måndag 4. november 2019

Dårleg vêr og anna trøbbel har hindra asfaltlegging på området utafor Matkroken og Talgøfabrikken på Kvennset. Men i dag var det blå himmel og ein strålande finvêrsdag og dermed troppa mannskap frå Veidekke/Lillerovde opp med utstyr for asfaltlegging i småskala.


Kløvertur til Hjellnes

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. november 2019

Måndag 4. november går Kløverturen til Hjellnes. Oppmøte ved Hals/Matkroken. Samkjøring derifrå kl. 11.00 utpå Kammen. Så blir det tur oppover til Hjellnes og kanskje litt innover skogsvegen. Turen nedatt går om Flata.