Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9031 artiklar i dette arkivet.


Julerevy med kortreist og lun humor

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2019

Julerevy er tradisjonelt ein del av julefeiringa i Todalen – den høyrer liksom med og har gjort det så langt attende som vi kan hugse. Det er jammen ein god tradisjon å føre vidare og med storsalen full av publikum er det og tydeleg at folk sett pris på julerevyen. Frå år til anna har det vore generasjonsskifte i revystaben, og slik er det i år – mange nye er komne med i revyarbeidet, og på mange måtar har julerevyen fått ein ny giv.


I kveld kl 20: Julerevyen Todalen Ymseri

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2019

Vi minner om kveldens arrangement i Ungdomshuset – julerevyen «Todalen Ymseri». Dørene opnar kl. 20 og billettar får du kjøpt ved inngangen. Her er det sal av mat og drikke, og det blir mulegheit for ein svingom. Og så den store spenninga, da: Kven får heidersprisen – «Den Gyldne Patron»?


Saknar du eit brillepar?

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2019

Er det du som har mista brillene dine under Romjulsmarsjen i dag?  Eit par briller vart under marsjen funne ved Pilskaret.  Brillene har «gullinnfatning» og det ser ut som dei har fått seg ein liten trøkk.  Brillene er levert inn på Matkroken Todalen, og rettmessig eigar kan få dei att der, når butikken opnar laurdag […]


Billettane til julerevyen «Todalen Ymseri» er i salg

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. desember 2019

Billettane til julerevyen 2019, «Todalen Ymseri», er no lagt ut for sal på Matkroken Todalen. Vi tenkte å være tidleg ut med tanke på at det kanskje kan være ei høveleg julegåve til familie, eller vener og kjente, seier Knut Bergli i Todalen Idrettslag som er arrangør. Billettane kostar kr 150 pr stk., og kan kjøpast i kassa på matkroken. Julerevyen «Todalen Ymseri» går av stabelen 3. juledag, fredag 27. desember kl. 20.00 i Todalen ungdomshus.


God jul til alle våre lesarar

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. desember 2019

Vi i redaksjonen ønskjer alle våre lesarar ei riktig god og fredfull jul! Vi helsar til alle – både fjern og nær – som er med oss på Todalen.no. Hittil i 2019 har vi hatt til saman 454.000 besøk frå 104 land. Det er ein auke på 6,5% – som vi er veldig godt nøgd med!


Tradisjonell julegudsteneste

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. desember 2019

Julaftan var det mange som starta den tradisjonelle julefeiringa med gudsteneste i Todalen kyrkje. Det var Einy Rendal Elgsæther som var liturg under gudstenesta og vi fikk ta del både i juleevangeliet og i dagens preken som hadde det evige evangeliet som dagens tema.


Open pub med juleQuiz på Pakkhuset kro

Jon Olav Ørsal Måndag 23. desember 2019

2. juledag (torsdag 26. desember) inviterer Pakkhuset Kro på Todalsøra til open pub frå kl. 21.00 og utover. Det blir konkurranse med juleQuiz med premiering.  Da kan du treffe «innfødte» og utflytta todalingar til ein triveleg pubkveld.  Alle er velkomne til ein triveleg pubkveld på Todalsøra!  



I natt snudde sola – endeleg!

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2019

I natt kl. 04.19 snudde sola, og dermed går det definitivt med lysere tider. Her heime er det i dag 5 veker sia sola sa takk for seg og dermed 5 veker til ho kikar fram igjen – nærare bestemt den 27. januar i 2020. Det er jammen godt å vite at årets kortaste dag er unnagjort, og at det no berre kan gå framover. Frå Wikipedia har vi saksa litt informasjon om vintersolkverv eller vintersolsnu, så klikkar du på les meir så får du litt meir info.


Matkrokens opningstider i julehelga

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. desember 2019

På Matkroken vil det sjølvsagt være litt avvikande opningstider i samband med julefeiringa. Butikken er heilt stengt 2 dager – 1. juledag og 1. nyttårsdag, men drivstoffpumpa til HalsOil er open heile jula og 24/7 for sal av drivstoff og betaling med kort. Elles er det varierande opningstider gjennom jule- og nyttårshelga – 3 av dagane er det kioskope frå 16:00 – 18:00. Nedafor har vi laga ein plakat med alle opningstider frå og med lille julaftan, til og med 2. nyttårsdag.


Tenner lysa søndag kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2019

Søndag kveld kl. 18 er tida for å tenne lysa på Todalspålen (eller minipålen som enkelte kallar han) Det beste utkikspunktet er kanskje moloen i Båthamna, trur arrangøren.


Blankis og trafikkaos på Nordvik

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2019

I morgontimane i dag var det blankis med underkjølt regn etter fylkesvegen. Rundt 15 bilar var involvert i stoppen som skjedde i Åsbøhaugane, der vegbanen var spegelblank. Lokale krefter – les Ola Magne Nordvik og Oddvar Mikkelsen – redda situasjonen da dei kom til unnsetning med traktorar og strøsand. Etter kvart kom også strøbil frå Mesta, men det skjedde først mellom kl 9 og 10.