Svorka varslar straumutkopling søndag
Grunna naudsynt arbeid på straumnettet blir det ei utkopling av straumen i området Ranes – Stangvik -Todalen søndag 28. juni frå kl. 22.oo til måndag 29. juni kl 06.00.
Vi fann 9213 artiklar i dette arkivet.
Grunna naudsynt arbeid på straumnettet blir det ei utkopling av straumen i området Ranes – Stangvik -Todalen søndag 28. juni frå kl. 22.oo til måndag 29. juni kl 06.00.
Med temperaturen stabilt rundt 30 grader, var det ikkje berre dei som var med på «Ræta opp» som vart godt oppvarma under Todalsdagen 2020. Men det skal meir til for å legge ein dempar for eit så allsidig og velsmurt arrangement som Todalsdagen som i år ikkje hadde fotballcup som ein del av arrangementet på […]
Da er alt klart for Todalsdagen 2020. Og her kjem årets avis med program og orientering om det som skal føregå på Bordholmen laurdag 27. juni.
Torsdag kveld var det duka for årets første friidrettskveld på Bordholmen. 8 ungar og mange vaksne var møtt opp for å hoppe lengde (med og utan tilløp), kaste ball og springe 60 og 400 meter. Sjølv om oppmøtet var litt labert, var innsatsen til dei frammøtte stor, og alle deltok på alle øvingane. Alle klar […]
Vi holder på tradisjoner vi i stavganggruppa! I år som tidligere år gikk siste tur før ferien til Kårvatn og Nauståfossen. Kårvatn er et spesielt sted, det ligger så vakkert til rammet inn av høye fjell. Turen inn til fossen er flat og det er enkelt å komme seg inn dit. I dag var fossen […]
Todalsdagen har eit godt rennome for maten del sel under Todalsdagen. Når grillgjengen dreg fram storgrillen blir det litt av kvart av grillmat å få. I år vil nok dette bli litt forenkla, men vi skal vidarefør mykje av dette, seier Laila Kvendset Bergli i matkomiteen, som understrekar at det blir teke hensyn til eventuell smittefare både ved produksjon, salg og servering av grillmaten.
Som vanlig var det samling i Røe-fjæra for St. Hans feiring også i år. – Det ser ut som Lisabet og Kennet viderefører tradisjonen til Ingrid og Ola, og stiller det fine uteområdet til disposisjon for grendalaget. Oppmøtet var svært bra med ca. 60-70 deltakere. Værgudene viste seg også fra sin beste side med fin temperatur og en disig sol. Grendalaget stilte med varme griller, og da var det bare finne fram medbragt og sette i gang med grillingen.
Ræta Opp er eit mosjonsløp på 3 km som arrangerast av Todalen IL , og som har både start og målgang på Bordholmen. Ræta Opp er eigenleg eit spesielt løp som har eit sosialt tilsnitt, for startkontingenten går kvart år i si heilheit til eit samfunnsnyttig formål – som kjem barn og ungdom til gode. I 2020 er det Sykehusklovnene som er den heldig mottakar, fortel Ingvild Kårvatn som er løpsleiar.
Under Todalsdagen komane laurdag, arrangerer Todalen I.L. loppemarknad. No kan du sjekke ut både kjellar og loft for å finne aktuelle og salgbare lopper som du ikkje lenger har bruk for.
Tysdag 23. juni var fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Skjennå. 16 spreke pensjonistar møtte opp på museumstunet på Åsen kl. 10.00. Derifrå gjekk turen etter fin og lett skogsveg, som etter kvart gjekk over i merka tursti opp til toppen på Skjennå, 580 m.o.h. Her hadde vi flott fin utsikt i 360 grader. Dei fleste kunne faktisk og sjå heim.
Torsdag 25 juni møtes vi på Kårvatn til siste vandring før sommeren. Vi starter til vanlig tid, kl 11:00 og går innover til Nauståfossen slik vi har gjort i alle år. Etterpå kjører vi tilbake og ned til Talgøhytta/Kokkhuset, hvor vi spiser nista vår i trivelig og sosialt lag. Vi ønsker hver og en vel møtt! […]
Det vart skikkeleg varme da Talgø fyrte opp kapprestar av kebony på Ansessaga, og det brann såpass heftig av det nok var best å betrakte bålet på litt meir enn standard korona avstand på ein eller to meter.