Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen 2020, avis med program og info kjem her

Dordi Jorunn Halle Fredag 26. juni 2020

Da er alt klart for Todalsdagen 2020. Og her kjem årets avis med program og orientering om det som skal føregå på Bordholmen laurdag 27. juni.

I avisa er det helsing frå leiaren Nils Ove  Bruset. Han ønsker alle velkomne til Bordholmen til ein noko redusert, men spennande Todalsdag. Barnefotballkampane må utgå p.g.a. pandemien, men det blir «Ræta opp», knøttetrening, loppemarked og ikkje minst riktig så god grillmat. Deltakaravgifta for «Ræta opp» går til «Sykehusklovnene».

Leiaren rettar også ein stor takk til alle sponsorane som bidreg og støttar Todalsdagen!

Programmet for dagen er slik:

Kl.: 11:00: Loppemarkedet opnar.

Kl.: 11:00: Grillane blir tende.

Kl.: 12:00: Start «Ræta opp».

Kl.: 13:00: Fotballaktivitet.

Kl.: 14:00: Loppemarkedet stenger.

Yr lovar finver så det ligg til for ein riktig fin Todalsdag.

VEL MØTT!

Her kan du bla i avisa:

https://issuu.com/todalenil/docs/todalsdagene_2020_web

Publisert: 26. juni 2020, 15:13