Endeleg vart det Kløvertur i godver!
Etter ein grå start på dagen siste måndagen i mai klårna det opp, og det vart ein fin turdag langs Toåa.
Vi fann 9114 artiklar i dette arkivet.
Etter ein grå start på dagen siste måndagen i mai klårna det opp, og det vart ein fin turdag langs Toåa.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 25. mai. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Eit av teikna på at vi er på veg mot eit opnare samfunn er dagens gudsteneste kl 11. Det er den første gudstenesta etter «koronakrisa» og vil nok være litt prega av aktuelle reglar for smittevern. Det er sokneprest Kristin Strand som er liturg, og organist er Bjørn Vevang. Takkoffer til trusopplæringa i menigheita. Velkomen til […]
Torsdag var det endeleg klart for trening igjen for J/G 8-10 på Bordholmen. Som følge av Korona og seinare veret, har det ikkje vore treningar for denne aldersgruppa sidan starten av mars, då treningane føregjekk inne i gymsalen på skulen. Det var ein ivrig gjeng som møtte opp.
Torsdag var det dugnadsgjengen for Todalen tursti i aksjon for å montere gapahuken som tilhøyrer prosjektet, ved Båthølen der også fiskerampen for bevegelseshemma er under bygging. Arbeidet startet i morgontimane i dag, og før «solnedgang» var takpappen komenpå – og dermed tett tak.
Onsdag kveld arrangerte Nordvik Grendalag vårdugnad på lekeplassen i Sollia, ved forsamlingshuset og Øygarden Stadion. Oppmøtet var svært bra, og arbeidet gikk raskt unna på begge plassene.
Onsdag inviterte SuSu-prosjektet pressen til Svinvik gard for å orientere om spørjeundersøkinga om koronakrisa. Den første vart gjennomført i uke 14 og oppfølgjaren vart gjennomført denne tidlegare denne veka. Kartlegginga skulle denne gongen innhente opplysningar og vise utviklinga over tid og korleis tiltakspakkane til regjeringa virka. Undersøkinga viste at det var stor forskjell mellom de forskjellige næringane, der enkelte opplevde normal aktivitet og andre opplevde liten eller ingen aktivitet. Spesielt utsett er nok reiselivsnæringa – spesielt dei som er avhengige av utanlandske turistar.
Toåa tursti er i rute for opning i midten av juni. I dag vart betongarbeidet for fiskerampe og gapahuken gjort unna – dermed er det klart for bygging av gapahuken, og det skjer etter plana i helga. Toåa tursti er eit millionprosjekt, med opparbeidd tursti frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua.
Ny jaktsesong nærmer seg fort, men skyteprøven til storviljakta blir nok litt spesiell i år. Som mye annet blir også skyteprøven påvirket av koronaviruset og situasjonen som har oppstått i den sammenheng. I år er det ikke alle som trenger å ta ny skyteprøve, for alle som har gyldig skyteprøve fra 2019 er også godkjent i 2020. Derfor er det berre dei som ikke tok skyteprøve i 2019 – for eksempel nye jegrer – som må ta ny skyteprøve i år. Oppskyting i regi av Søya og Todalen skytterlag starter 22. juni – bla om og les mer om dette i info vi har fått fra skyttarlaget….
Ein tur rundt bygda vart den reinaste hjortesafari på Ørsalhøgda. Hjorten var glohersk på nygrøa og tok lite hensyn til biltrafikken, så vi forstår godt at det lett skjer påkjørslar denne årstida.
Måndag 18.mai blir det Kløvertur i Toåa tursti. Start frå Hals kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Både i Todalen og andre plassar har programmet vore prega av koronakrisa, og det meste av programmet har vore avlyst – slik som gudstenesta i kyrkja, folketoget og den tradisjonelle feiringa med tale for dagen i skulen. Men biltog har vore gjennomført etter tradisjonelt mønster og fikk rekordoppslutning med over hundre bilar.