Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Halsetreff i Todalen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 27. juni 2020

Laurdag 27. juni var 22 etterkommarar av Johanne og Kristian Halse på todalstur; det var eit «utvida søskenbarntreff». I Todalen var første stopp Halsesamlinga og Gammelskulen. Etterpå skulle dei oppsøke Halsbua i håp om å få eit glimt av «Handelsmann Nordvik», og så sjå seg rundt i bygda og ta ein tur opp til Kårvatn.

Barnebarn av Johanne og Kristian Halse ved skulpturen av Vangsgutane. Frå venstre: Kristian Olavsson Halse, Kolbjørn Kolbjørnsson Halse, så tvillingane Ellen Johanne og Hallvard Halse, barn av Per Halse. Foto: Dordi J H

Kristian Halse var lærar og klokkar i Todalen frå 1897 til 1920 og far til Leif Halse. Johanne og Kristian hadde i alt 6 barn. På turen til Todalen var dei fleste etterkomarar av Per Halse, han var gradbrukar på Namdalseid, men det var også familiemedlemmer etter Olav og Kolbjørn Halse. Hallvard Halse kunne fortelje at far hans, Per, fortalde mykje om oppveksten i Todalen og om tida si som gjetar i Romådalen.

Fleire generasjonar Halse framfor Skulstuå. Mange frå Trøndelag, men og frå Mo i Rana, Bodø, Trofors, Nordfjord, Bergen, Arendal og Averøya. Mange hadde altså resit langt for å kome til Todalen. Foto: Dordi J H

Turfølget syntest det var interessant å få sjå samlinga etter Leif Halse. Dei vart særleg imponerte over alle dei handskrivne manuskripta etter «han Leif»; han hadde i utruleg fin, moderne og tydeleg handskrift. Dei fann og familiebilete som var ukjende for dei, dei vart avfotograferte og teke med vidare i familiehistoria.

I skulen er det mange måleri etter Olav Halse; kjekt å sjå for familien.

 Ragna Kvendset fortalde om Skulstuå og viste bilete frå aktiviteten der .

Todalen viste seg frå si finaste side; turfølget var heldige med veret. Dei var riktig så fornøgde med besøket i Todalen, Halsesamling og i Skulstuå. «Ein fantastisk dag i Todalen», kunne turleiaren Brit Halse Moltu rapportere.

Ragna Kvendset var vert i Skulstuå. Foto: Dordi J H

For historielaget var det kjekt å ta i mot så mange av Halsefamilien; både Kristian og Leif Halse har sett varige spor etter seg og betydd mykje for Todalen. Og viss ein er interessert i å lese bøkene til Leif Halse og ikkje har dei i bokhylla, kan ein gå inn på nettsida til Nasjonalbiblioteket og lese i veg! 

Søndag avsluttar Halsefamilien helga med besøk til Halsa; mellom anna til Halsa kyrkje og familiegravstaden der.

Først publisert: 27. juni 2020, 23:29 - Sist oppdatert: 8. juli 2020, 16:29