Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9115 artiklar i dette arkivet.


Jevnt i teten da 36 golfere spilte «Et slag mot kreft»

Jon Olav Ørsal Sundag 7. juni 2020

Det var kvartetten Egil Nedal / Halstein Kvande / Kristian Skansen Ansnes / Knut Haugen som fikk med seg førstepremien hjem, etter en svært jevn duell mot Terje Kvande / Tom Erik Kvande / Marius Kvande / Jens Settemsdal.   Etter selve turneringen stod begge lagene nemlig med 50 poeng, og det var denne gang lagt opp til puttekonkurranse for å avgjøre tetplassen – og der gikk førstnevnte lag av med seieren. Vinnerlaget hadde en bruttoscore på 61 slag i turneringen, skriver Surnadal Golfklubb på sine nettsider der de omtaler den uhøytidelige lagturnering som hadde 36 deltakere – og som ga cirka 9000 kroner til Kreftforeningen!


Vårløysinga er i full gang.

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. juni 2020

Tida for vårløysing i fjellet er forlengst komen, og sjølv om vi opplevde å få mykje nysnø for 2-3 veker sia, så er vårløysinga no i full gang, og det ber da også elva preg av.  Dei siste dagane har NVEs målestasjon ovafor Storfossen målt mellom 30 og 60 m3/sek kvar dag. Vassføringa så langt toppa seg i går med omtren 60 m3/sek.  Men mildvêret vil nok fortsette, og vi må nok rekne med stor vassføring i fleire veker framover.  Det er nemleg mykje og vannrik snø i fjellet – og alt skal ned etter elva.


Avfallshandtering på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. juni 2020

Todalen sokneråd har gjort ein innsats for å handtere avfallet frå kyrkjegarden på ein betre måte, fortel leiar i soknerådet Kristian Gjeldnes.  Det blir utruleg mykje avfall frå kyrkjegarden gjennom eit år og soknerådet er opptekne av å handtere dette på ein god måte, både for besøkande på kyrkjegarden og for tilsette i kyrkja.


Stavgangtur i vakre Svinvika

Tekst & foto: Bitten Ranes Torsdag 4. juni 2020

«Å, nei for dag vår Herre gav!
Så skirt om fjell, så svalt i hav!
Så linn ei luft, så høgt om haug!
Og dette sæle solskinnslaug!»
 
Arne Garborg beskriver akkurat slik vi opplevde i dag.
Når været er på lag. Når trivelig folk møtes.
Når det grønne fyller rommet rundt deg og over deg.
Da er det godt å være til.


Surnadal JFF øker aktiviteten framover

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. juni 2020

I takt med gjenåpningen av samfunnet etter koronanedstengingen øker også Surnadal Jeger- og Fiskerforening aktivitetsnivået igjen framover, og vil i tråd med gjeldende smittevernregler arrangere kurs og aktiviteter.


Vil du bli med og starte ny turgruppe?

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2020

Surnadal Pensjonistlag har i 14 år hatt ein aktiv Stavganggruppe, og den går framleis! Men frå fleire hald har det kome tankar om ei ny gruppe, for yngre og spreke eldre pensjonistar. Vi tri underteikna har tenkt litt på dette, og trur det er ganske mange som vil vera med og gå tur saman med andre, men kanskje litt lengre og brattare enn det Stavganggruppa tilbyr.  Derfor inviterer vi til gratis prøvetur!


Stavgangtur til Svinviksrunden

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2020

Torsdag 4. juni er det Svinvikrunden som står for tur når Stavganggruppa i Surnadal pnsjonistlag legger ut på tur. Det er som vanlig start kl 11 fra parkeringsplassen.  Kafeen er stengt, men vi får sitte på benkene ute med nista vår – som vanlig håper vi på godt vær og godt oppmøte, skriver Stavganggruppen i en pressemelding. […]


Vi er overveldet over den gode responsen…

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2020

Vi er overveldet over den gode responsen og alle positive tilbakemeldinger vi har fått i løpet av dagen.  Far og sønn Evensen, Arve og Stian har hatt fullt kjør i hele ettermiddag, og holdt faktisk på å gå tom for mat på tampen av dagen.


Todalshytta – Godt å være i gang!

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2020

Dei første spisegjestane er alt på plass på Todalshytta! Dette har vi gledd oss til så lange, og no føles det veldig godt å være i gang, seier far og son Evensen som er vertskap på hytta.  I dag er det som sagt premiere, og vi kan by på både middag og kaffe utover dagen.  Middagsservering er vi alt i gang med og vi halde det gåande til kl 20.  Kaffe og bakels vil vi halde det i gang med til vi legger oss, seier Stian som sjef på kjøkkenet.  


Helg og høgtid i Stangvika

Tekst og foto: Bernt G. Bøe Sundag 31. mai 2020

Pinsedagen har høgare status i Stangvik enn mange andre stader. Også årets høgtidsdag vart feira her med fellesgudsteneste for alle nabosokna. Korona-kvoten på femti pluss stab var fylt opp da 600 år gammal klokkemalm tona ut over den solblanke fjorden. Denne gong dessverre utan dei tradisjonsrike kyrkjebåtane. Men med to konfirmantar i spissen danna inngangsprosesjonen ein verdig start på kristenkyrkja sin fødselsdag.


Bra med besøk i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mai 2020

Når forholda vart slik som dei vart – med koronatiltak og stengt kiosk – er vi godt nøgd med besøket i arboretet så langt.  Det er Maja Frønes som møter oss når vi stikk innom 1. pinsedag.  Ho fortel at det har vore bra med folk innom denne dagen også, og no skyt blomstringa fart og da blir det nok enda fleire som tek turen hit.


Kosa seg med kanelsnurrar i Slettnesset

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mai 2020

Det var mange som fann vegen til kafebesøk hos Slettneset steinovnsbakeri søndag ettermiddag.  Heldigvis er det god plass i gardstunet på Slettnesset, så det var ingen problem med å halde avstand til kvarandere og likevel oppleve fellesskapet.