Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9082 artiklar i dette arkivet.


Koking av vatnet

Guro Redalen Sundag 28. juni 2020

Husby og Halle vassverk melder om at abonnentane må koke vatnet måndag 29. juni. Dette gjeld for heile måndagen, og skuldast straumbrotet 28. juni og 29. juni.  


Siste kløverturen før ferien

Dordi Jorunn Halle Sundag 28. juni 2020

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 29. juni i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Halsetreff i Todalen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 27. juni 2020

Laurdag 27. juni var 22 etterkommarar av Johanne og Kristian Halse på todalstur; det var eit «utvida søskenbarntreff». I Todalen var første stopp Halsesamlinga og Gammelskulen. Etterpå skulle dei oppsøke Halsbua i håp om å få eit glimt av «Handelsmann Nordvik», og så sjå seg rundt i bygda og ta ein tur opp til Kårvatn.


Sommarnatt på Bjøråskaret

Tekst og foto: Harald Egil Folden Laurdag 27. juni 2020

Harald Egil Folden gjekk frå Innerdalsmerket til Bjøråskaret 25.-26. juni og har lagt ut opplevinga på eiga heimeside, noko han gjerne òg vil dele med lesarane av todalen.no.   Så klikk her på denne lenka for å lese meir og sjå flotte foto frå turen! 


Svorka varslar straumutkopling søndag

Guro Redalen Laurdag 27. juni 2020

Grunna naudsynt arbeid på straumnettet blir det ei utkopling av straumen i området Ranes – Stangvik -Todalen søndag 28. juni frå kl. 22.oo til måndag 29. juni kl 06.00.    


Todalsdagen 2020

Stig Husby og Bjørn Gunnar Ansnes. Laurdag 27. juni 2020

Med temperaturen stabilt rundt 30 grader, var det ikkje berre dei som var med på «Ræta opp» som vart godt oppvarma under Todalsdagen 2020. Men det skal meir til for å legge ein dempar for eit så allsidig og velsmurt arrangement som Todalsdagen som i år ikkje hadde fotballcup som ein del av arrangementet på […]



Friidrett på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. juni 2020

Torsdag kveld var det duka for årets første friidrettskveld på Bordholmen. 8 ungar og mange vaksne var møtt opp for å hoppe lengde (med og utan tilløp), kaste ball og springe 60 og 400 meter. Sjølv om oppmøtet var litt labert, var innsatsen til dei frammøtte stor, og alle deltok på alle øvingane. Alle klar […]


Med staver til Kårvatn og Nauståfossen

Tekst og foto: Bitten Ranes Torsdag 25. juni 2020

Vi holder på tradisjoner vi i stavganggruppa! I år som tidligere år gikk siste tur før ferien til Kårvatn og Nauståfossen. Kårvatn er et spesielt sted, det ligger så vakkert til rammet inn av høye fjell. Turen inn til fossen er flat og det er enkelt å komme seg inn dit. I dag var fossen […]


Tek vare på mattradisjonen på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juni 2020

Todalsdagen har eit godt rennome for maten del sel under Todalsdagen.  Når grillgjengen dreg fram storgrillen blir det litt av kvart av grillmat å få. I år vil nok dette bli litt forenkla, men vi skal vidarefør mykje av dette, seier Laila Kvendset Bergli i matkomiteen, som understrekar at det blir teke hensyn til eventuell smittefare både ved produksjon, salg og servering av grillmaten.


Feiret St Hans med bål og grilling

Sverre Kjølstad Onsdag 24. juni 2020

Som vanlig var det samling i Røe-fjæra for St. Hans feiring også i år.  – Det ser ut som Lisabet og Kennet viderefører tradisjonen til Ingrid og Ola, og stiller det fine uteområdet til disposisjon for grendalaget. Oppmøtet var svært bra med ca. 60-70 deltakere. Værgudene viste seg også fra sin beste side med fin temperatur og en disig sol. Grendalaget stilte med varme griller, og da var det bare finne fram medbragt og sette i gang med grillingen.


Klart for mosjonsløpet Ræta Opp – bli med og støtt du og!

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juni 2020

Ræta Opp er eit mosjonsløp på 3 km som arrangerast av Todalen IL , og som har både start og målgang på Bordholmen. Ræta Opp er eigenleg eit spesielt løp som har eit sosialt tilsnitt, for startkontingenten går kvart år i si heilheit til eit samfunnsnyttig formål – som kjem barn og ungdom til gode. I 2020 er det Sykehusklovnene som er den heldig mottakar, fortel Ingvild Kårvatn som er løpsleiar.