Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Regnvåt gudsteneste i Arboretet

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. august 2020

Søndag var det utandørs gudsteneste i Svinviks Arboret. Vêrgudane varta opp med variert vêr og det måtte takast to pausar under gudstenesta då det regna på det meste, men etter kvart kunne både barnedåp og resten av gudstenesta fullførast. Mot slutten kika sola til og med fram og varma dei mange frammøtte. Det var liturg Kristin Strand som leia oss gjennom gudstenesta. Dagens tekst hadde Strand henta frå Matteus Evangeliet. Bernt Idar G. Bøe spela orgel/keyboard og P17 Koret bidrog med song. Dagens takkoffer gjekk til konfirmantarbeidet i Todalen kyrkje. Til slutt var det presentasjon av neste års konfirmantar.  
Barnedåp
Under gudstenesta var det og barnedåp. Det var Vilje Rendal Myklegard som i dag vart døypt. Foreldra hennar er Eirin Torheim Rendal og Johnny Myklegard.  

Vilde fekk nok ein litt våtare dåp enn kva som er vanleg. Foto: Bjørn Gunnar Ansnes

Konfirmantar i Todalen kyrkje 2021
Våren 2021 er det tre konfirmantar i Todalen. Dette er:
                 Edel Therese Mikkelsen Karlsen
                Johan Ranes
                Van Adrian Hadraque Ansnes
Dei skal gjennom dei komande månadane fram til konfirmasjonen  mai gjennomgå konfirmasjonsførebuing i Todalen kyrkje og andre stadar. Koronasituasjonen vil nok påverke konfirmasjonsførebuinga i form av at det ikkje blir mogleg å gjennomføre alle dei planlagde aktivitetane og at andre aktivitetar vil ha restriksjonar. Men dei tre konfirmantane vil heilt sikkert få ei fin og minnerik konfirmasjonsførebuing.

To av dei 3 konfirmantane i Todalen saman med Sokneprest Kristin Strand. Foto: Ragnhild Ansnes Moe.

Korsong
Som så ofte under gudstenester i Todalen varta P17 Koret opp med korsong, leia av dirigent Bernt Idar G. Bøe.

Organist Bernt Idar G. Bøe med P17 Koret i bakgrunnen. Foto: Bjørn Gunnar Ansnes

P17 Koret med litt ekstrautstyr på grunn av vêret. Foto: Bjørn Gunnar Ansnes

Til slutt var det tid for sosialt samvær med kaffi og noko å bite i, noko kvar einskild måtte ha med seg sjølv. Som kjent sett Koronasituasjonen ein stoppar for servering i tradisjonell form. For den som ville var det og høve til å ta ein runde i arboretet og sjå på alle blomstrane og plantene. Med andre ord ei innhaldsrik og variert gudsteneste i friluft som etter oppmøtet å dømme var eit særs positivt initiativ frå Soknerådet si side.

Publisert: 30. august 2020, 16:24