Kløvertur til Svabu
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 14. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Vi fann 9167 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 14. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Neste laurdag er du velkommen til Thaibuffet på Todalshytta. Laurdag 19. november er det nemleg klart for ein heilt spesiell dag på Todalshytta. – Lokale krefter frå Thailand har sett saman det beste av råvarer og forskjellige rettar fra eit smaksrikt land med tradisjonar. Her blir det alt frå vårruller – biff – kylling – supper – scampi – søte og sterke smakar i ei god blanding.
Dei siste par vekene har det vore tømmerdrift i liene ovafor Husby, og no er jobben gjort og utstyret er på veg til neste destinasjon. Det er rundt 1250 m3 med gran som er hogge dei siste vekene, med 2 hogstmaskiner og ei maskin for nedkjøring i full svaing har det gått kjapt unna. Tømmeret […]
Kari Løvendahl Mogstad har opplevd spiseforstyrring innafor eigen familie, og har skrive bok om sine opplevingar saman med si dotter Selma. No kjem den utflytta Surndalingen «heim» for å fortelje om si erfaring med denne sjukdomen og for å bli bokbada. Torsdag 1. desember arrangerer Surnadal demensforening og helselag bokbad, der Kari Løvendahl Mogstad kjem for å presentere boka «Vår vei ut» som ho og dottera Selma har skrevet i lag. Det er Kari Evensen, som sjølv er sjukepleiar, som skal bokbade Mogstad.
Vil du gjøre søndagsmiddagen lettvint, så er det berre å ta turen til Todalshytta som søndag byr på skikkeleg god husmanskost til middag – nem lig kjøtt & påsse. Serveringa startar søndag kl 14:00 og held på til kl 17:00. Bestill middag på telefon eller SMS på 929 97 550 til Arve Evensen.
Det er forlengst ein god tradisjon av den bilane som Halsbua/Matkroken bruka til utkøyring av varer heiter «Støvbrettet». Det grip heilt attende til 1949 da faren til Terje Nordvi, Edvart kjøpte ein bruka A-Ford 1946-modell til føremålet. Bilen var bruktimport frå England og vart bygd om til pick-up i Trondheim. Edvart Nordviks kommentar når han […]
Laurdag 5. desember blir det skikkeleg heildags bursdagslag for kulturhuset. Egentleg var 20-årdagen den 18. jnauar, men da var enno alt usikkert rundt handteringa av pandemien og usikker smittefare. Men no er altså alt klart, og kulruturavdelinga i kommunen kunne i dag presentere eit skikkeleg og heildags program for den lokale pressa.
3 store danske semitrailere dukka opp for å levere nytt målingsutstyr på Talgø i dag. Det er Talgø MøreTre som rustar opp målingsavdelinga, og som skal starte med produksjon av ferdigmåla kledning til byggebransjen. Her var det både store og tunge kolli som vart lossa – det tyngste på heile 8 tonn. Her måtte gaffeltrucken gi opp og ein større kranbil frå Erling Søyset måtte til for å få dette kolliet innomhus.
Måndag vart det montert nytt tilbygg på hytta til Gudmund og Wenche Kvendset på Kårvatn – nytt tømmerbygg som er levert av Handlafter’n Odd Magnar Gjeldnes. Ved hjelp av kranbil og sterke karar kom tilbygget på rundt 40m2 på plass i løpet av måndagen og var klart til tekkjing da vi stakk innom i skyminga måndag ettermiddag.
Den kulturelle spaserstokken som er eit kulturtidbud eller om ein skal kalle det mimrestund som er støtta av fylkeskommunale kulturmidlar og skal være med og krydre kvardagen til dei som har levd ei stund. Astrid Overaa som hadde god hjelp av pianisten Jan Gunnar Åkre underheldt ei 30-tal frammøtte ein ettermiddagstime på måndag. Med sin lune humor og gode forteljarevne fikk ho publikum til å kome i skikkeleg mimremodus.
Helgemesse – Allehelgensdag – er ei høgtid med sterke kjensler. Vi følgde presten Torbjørn Brøske til Todalen, Åsskard og Stangvik. Både årstida og ramma om dagen er prega av mørke. Minnet om dei vi har mista, legg vemod og sakn til gudstenestene. Etterlatne var denne gong spesielt inviterte gjestar.
Jaktlaget på sørsida har vore på jakt ved Hauråa – i området mellom Raudåa og Storhaugen, og da ga som resultat ein liten bukk. Gårdagens jakt ga ein elgkalv som resultat – så det har ikkje vore dei heilt store reasultata denne helga. Men forrige helg fall det 4 fine dyr for laget, så resultatet er variabelt.