Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Let it snow, let it snow!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 8. desember 2022

«Let it snow, let it snow» song Tordenskjold songkor onsdag kveld i Ungdomshuset. Og det passa godt, for det snødde «gamle kjerringar» heile kvelden!

Tordenskjold songkor opna konserten sin med «Nordnorsk Julesalme» av Trygve Hoff. Hoff skreiv denne songen til adventstida i barne-TV-serien «Lys i mørketida» på 1980-talet, og songen er med i den nyaste salmeboka.

Dirigent Elin Persson i front for Tordenskjold. Leiar for Tordesnskjold, Per Ivar Østbø, rett attanfor og til venstre for Elin Persson Foto: Dordi J H

Så følgde koret opp med «Den fattige Gud» av Edvard Hoem, og deretter salmen «Solbarn, Jordbarn» som er ei høgst aktuell tekst no når det er krig i Ukraina.

Elin Persson er dirigent og musikalsk leiar for «Tordenskjold» – det har ho vore i 25 år, første periode frå 1990 til 2000, og så frå 2008 og fram til no. Elin ikkje berre dirigerte, ho fortalde også svært interessant om tekster og melodiar. Til dømes om «Det lyser i stille grender» som  er ein kjent og kjær heilnorsk julesong av Jakob Sande. Elin kunne fortelje at Sande hadde lova ut eit dikt til juleheftet «Jul i Sunnfjord», men han hadde gløymt oppdraget. Så ein fin sommardag midt i slåttonna kom redaktøren fykande til Sande og etterlyste den utlova teksten. Sande tok pennen fatt og dermed vart «Det lyser i stille grender» skrive i skuggen av hesjene ein varm julidag.

Andre songar i første avdeling var mellom andre: «Kling no klokka», «Jul, jul – strålande jul», «Glade jul» – ein av verdas meste kjende salmar og er omsett til utruleg mange språk!

Nina Halset med fin framføring av «The Christmas Song». Foto: Dordi J H

Til våren er det 125 år sidan Hans Hyldbakk vart fødd. Dette jubileet skal kora på Nordmøre feire siste helga i april 2023 med eit felleskor for heile Nordmøre med heile 105 songarar – eit spennande prosjek!. Det blir konsertar i Surnadal, Straumsnes og Kristiansund.

Per Ivar Østbø er leiar for «Tordenskjold», og han kunne fortelje at koret har ca. 25 medlemmer, og at koret vart stifta 12.10.1908. Og det var interessant å møte Hannea frå Libya og Svetlana frå Chile – dei har vore med i koret sidan dei kom til Surandal for to og fire år sidan. Dei starta i koret for å integrere seg i bygda, og det syntest dei har vore kjekt! Men det var noko komplisert med songar på dialekt og nynorsk!

Etter pause med mat og loddsal var det «Los Invalidos» som entra sena! Her vart det både tango, vals, polka og gode historier!

Los Invalidos. Frå venstre: Anders Moen, Hroar Kvande, Erling Myrbostad, Jon Husby, Erik Moen, Gudmund Husby. Foto: Dordi J H

Tordenskjold avslutta kvelden med ei avdeling med songar på engelsk som «Star of Betlehem», «White Christmas», «Jingle Bells». Nina Halset var solist på «The Christmas song».  

«Tordesnkjold» skal ha ros for at dei arrangerer konsertar i bygdene utanfor sentrum, og det er eit flott og velklingande kor med variert repertoar og dyktige songarar og dirigent!

Koret avslutta kvelden med:
«We wish you a Merry Christmas»!

Mange var møtt opp i Ungdomshuset, og dei fekk ein triveleg kveld! Foto: Dordi J H

Kaffepause og loddsalg! Foto: Dordi J H

Publisert: 8. desember 2022, 01:06