Klart for prøvekjøring av nytt lakkanlegg på Talgø
Mykje av det siste året har gått med til å førebu renoveringen av overflateavdelinga på Talgøfabrikken på Kvennset. Etter at det var slutt på produksjon av møblar og veggpanel har maskinene på lakkavdelingen stått nærast ubruka. Men i kjølvatnet av «royalsaka» har det etter kvart vorte aktuelt å overflatebehandle kledning på ein effektiv måte, og derfor vart det aktuelt å rehabilitere overflateavdelinga og bytte ut ein del maskiner for å tilpasse utstyret for overflatebehandling av kledning.