Men mat skarrem ha!
I dag viste gradstokken 16-18 grader på morgonkvisten – kanskje har det vore enda kaldare i løpet av natta. Kaldt var det nok for hjortane på Ørsalhøgda som inntok frokosten i form av frosne siloballar. Det var hol på fleire ballar, så dei har nok vore fleire til frokost enn dei tre på biletet.