Månadens bilete for november
Med bare nokre timar ígjen av november slepp vi laus kåringa av månadens bilete, for årets nest siste månad. Det er mange fine fotografi å velge mellom denne gongen også
Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.
Med bare nokre timar ígjen av november slepp vi laus kåringa av månadens bilete, for årets nest siste månad. Det er mange fine fotografi å velge mellom denne gongen også
Sjølv med strenge reglar for å hindre koronavirusets spreiing, vart det ei flott og stemningsfull julegrantenning. Eit førtital møtte opp for å delta på julegrantenninga, sjølv om arrangementet var noko amputert og uten gang rundt juletreet. Likevel trur eg folk trivdes og tykte det var koseleg og treffast for å feire ting i lag.
No tek kløverturen juleferie. Siste kløverturen i 2020 var lagt til Tjønnmyrane. 15 deltakarar gjekk tur og avslutta sesongen med triveleg samling i gapahuken. Men over nyttår blir det nye turar.
Nordvik Grendalag minner om den digitale basaren. Siste dag for loddkjøp er 3. desember.
Nordvik Grendalag melder at i år blir førjulsbasaren på Nordvik digital. Ein kan alt kjøpe lodd ved å VIPPSE til 98505. Prisen for eit lodd er 50 kroner. Det er viktig å skrive namn på meldinga når ein vippsar. Loddsalet har alt starta, og ein kan kjøpe lodd fram til 3. desember. Trekking ved styret Grendalaget i 7. desember.
Todalen Idrettslag sender i desse dagar ut Medlemsinfo til sine medlemmer. Dette kjem i postkassen i løpet av helga. Her ber idrettslaget alle medlemmer om å sende inn epostadressa si. Dette for å lette arbeidet med å sende ut medlemsinformasjon og medlemskontingent. Så idrettslaget håper på god respons frå sine medlemmer på dette! Medlemmer som bor utanfor bygda blir spesielt oppfordra om å registrere epostadressa si!
8. klasse ved Surnadal ungdomsskule har hatt spanande dagar med leirskule på det gamle fiskeværet Bjørnsund utafor Bud. Heile det 9. årstrinnet reiste utover sist måndag og hadde tilhald på leirskulen i det gamle fiskeværet til fredag. Det vart travle dagar frå 8 om morgonen til kl 17 om ettermiddagen – og sjølvsagt ein bratt læringskurve når dei både skulle lære og prøve «livet i fjøra» i løpet av veka.
Knut Bergli i Barne- og Ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag informerer om at det frå klokka 14:00 i ettermiddag blir mogleg å gå på skeiser på Todalen Idrettslag sin skeisebane på Bordholmen stadion.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 30. november. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Samling ved gapahuken oppe på Tjønnmyran ca. kl 11.15.
Da er det klart for årets happening, skriv Brusetmarka vel i sin invitasjon til tenning av julegrana i Trudvangkrysset. Det skjer måndag kveld 30. november, kl 18:00 og dei byr på enkel servering. Sjølvsagt er arrangementet tilpassa smittevernreglane i kommunen i samarbeid med kommuneoverlegen – men vi gjer det beste ut av det, seier arrangøren.
På søndag er det lysmesse i Todalen kyrkje klokka 19:00. Opprinneleg var det meininga at det skulle vere konsert med: P17-koret, Bjørn Vevang og orgelreparatør Espen Selbæk, etter lysmessa. men dette let seg dessverre ikkje gjennomføre på grunn av smittevernreglane i samband med Covid-19.
Todalen Grendalag si, etter kvart, tradisjonelle julegate, mellom Talgø og Matkroken, vart tend i ettermiddag. På grunn av Koronasituasjonen så vart det ikkje noko arrangement i samband med tenninga av julegata i år, slik det har vore åra før. Men knapt tretti hadde likevel teke turen for å sjå at julegata vart tend. Todalen Grendalag […]
Alle årstider har sin sjarm! Slik er det også i Toåa tursti, som følgjer Toåa frå Trøbakkan og nedover til Halsabrua. Med mykje fint rim som har punta opp både skog og mark, tok vi turen nedover stien. Håpa sjølvsagt at det dukka opp ein trimmar eller to, slik at vi kunne få eit lite stuntintervju. Som oftast treffer du folk i turstien, for den er mykje bruka – men denne gongen fikk vi ha den for oss sjølv.