Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets siste kløvertur

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. november 2020

No tek kløverturen juleferie. Siste kløverturen i 2020 var lagt til Tjønnmyrane. 15 deltakarar gjekk tur og avslutta sesongen med triveleg samling i gapahuken. Men over nyttår blir det nye turar.

YR spådde regn, men veret vart over all forventning; altså godt turver. Det var litt glatt i lysløypetraseen, men mange gjekk heile runden og heldigvis utan knall og fall!

Triveleg rundt langbordet i gapahuken. Foto: Dordi J H

Året 2020 vart eit spesielt år når det gjeld all aktivitet i bygda, koronapandemi og «lock-down» i mars. Den første kløverturen vart arrangert 10. februar, men etter 5 turdagar vart det lang pause fram til 4. mai. Da var det klart for aktivitet i friluft igjen, og alle turane starta frå Hals for å unngå samkjøring. Det vart mange turar i Toåa tursti, og det er utruleg flott at vi i Todalen har slike fine anlegg som Toåa tursti og Tjønnmyrane som legg så godt til rette for turar og fysisk aktivitet for alle aldersgrupper!

Frå venstre Jorunn Ø, Dordi F og Synnøve. Foto: Dordi J H

I løpet av 2020 har det vorte 28 turdagar i området frå Kårvatn til Haltbakkan på Nordvik. Men dei aller fleste turane har starta frå Halsbua. Det har vore med 32 ulike turdeltakarar, og det er utført 317 enkeltturar; ein liten nedgang frå åra før, men det skuldast nok pandemien. Sanitetsforeninga har heller ikkje kunne arrangert rusleturar dette året. Håpet og ønsket er at situasjonen er slik når det lir ut i 2021, at det kan bli både normale kløverturar og rusleturar med servering.

Heile turfølget. Fremst frå venstre: Sigrun, Synnøve, Marit, Ester Karin, Jorunn H, Karen Johanne og Ragg, Helen. Attanfor frå venstre: Kari, Åse Johanne, Ingrid, Helga, Torgunn, Jorunn Ø, Dordi F. Foto: Dordi J H

Opplegget med kløvertur starta opp vinteren 2017, altså er det no gjennomført 4 sesongar. Og i alt har Todalen sanitetsforening arrangert 117 turdagar, og det er utført om lag 1550 enkelt-turar. Kløverturane er ikkje «toppturar» og hard trening, men eit tilbod om å kome ut i frisk luft, få mosjon og ikkje minst sosialt samvær. Det er viktig for folkehelsa.

 

 

Publisert: 30. november 2020, 19:04