Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2020

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.


Dugnadsånda lever i beste velgåande

Elinor Bolme Onsdag 6. mai 2020

I går kveld kalla Todalen sokneråd inn til dugnad på kyrkjegarden. Og for ein respons dei fekk! Nærare 40 personar tok turen innom for å hjelpe til med vårpussen på «sin» kyrkjegard. Her var det raking, kvisting, klipping, planering og mykje sosialt samvær. Det brukar alltid å væra eit særs godt oppmøte på kyrkjegardsdugnadane på […]


Like sikkert som hestehoven

Elinor Bolme Tysdag 5. mai 2020

Spyling av asfalten utanfor Matkroken er eit like sikkert vårtegn som hestehoven. Med blinkande blålys i vegkanten på Kvendset fekk brannpumpa og -slangene til Todalen brannvesen ein test i kveldinga. Utrykningsgraden til brannvesenet avdeling Todalen ligg på pluss minus 5  i året fortel Håvard Halset. Og her er dei utkalla på både trafikk-, medisinske- og […]


Gjennomfører årsmøte i Todalen.no

Elinor Bolme Tysdag 5. mai 2020

Styret i todalen.no har vedtatt at utsett årsmøte blir avholdt i Todalen Ungdomshus, onsdag 13. mai 2020, kl. 19-20. Her blir det i tråd med alle smittevernsreglar og dialog med kommuneoverlege Buan god avstand mellom dei frammøtte, antibac, inga servering og digital framvisning av alle dokument. -Eit årsmøte i Todalen.no har aldri samla meir enn 15 deltakarar, så gjennomføring vil gå både effektivt og i trygge rammer, forsikrer styreleiar Stig Husby.


Fotpleie i mai

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. mai 2020

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 11- mai og tysdag 12. mai.  Det er mange ledige timar båe desse to dagane.

Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391.


I dag: Dugnad på kyrkjegarden – rydding etter vinteren

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mai 2020

Todalen sokneråd inviterer til dugnad på Todalen kyrkjegard tysdag 5. mai kl 18.00.  Det er behov for å rydde vekk rusk og rask etter vinteren, og rette opp enkelte gravminne – og stelle rundt om kring på kyrkjegarden. Ta med reiskap til eigen bruk under dugnaden. 


No blir det omsider årsmøte i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mai 2020

Årsmøtet i T.I.L. vart utsett tidlegare i vår på grunn av koronakrisa. No når forholda etter kvar begynner å normalisere seg er det tid for å tenke årsmøte på nytt, og ny dato for møtet er sett til torsdag 4. juni kl 19:00 – i Todalen ungdomshus


Kløvertur mellom elingane

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. mai 2020

Så vart det endeleg «restart» av Kløverturen. Utruleg kjekt å kome i gang att; godt å møtast og kunne gå tur i lag! 


Vi har aldri opplevd maken!

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. mai 2020

Stikk UT! -mer populært enn noen gang.

Vi merker helt klart en økning i turaktiviteten, og ser at svært mange stikker ut på tur. Åpningshelga har vært ekstrem til tross for varierende vær.


Vi minner om bandtvangen

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mai 2020

Om våren er det mykje nytt liv ute i naturen – det gjeld både fuglar, dyr og bufe.  Elg, hjort og rådyr treng ektra ro og fred for å føde nye kalvar, og det same treng fuglar som hekkar både i skogen og langs stranda eller langs vassdarg.  Difor er det på tide å minne om bandtvangen som på denne tida er generell og gjeld alle. 


Kårvatnleigmålet fra Todalen historielag

Ragnhild og Ingri i scannarpatrulja Sundag 3. mai 2020

Her kjem nye bileter fra historielagets scannerpatrulje og denne gongen fra Kårvatnleigmålet. Kanskje ser du gamle kjente?


Månadens bilete april

Mari B. Redalen Sundag 3. mai 2020

Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for april. Hugs å send oss bidrag til dagens bilete om du har tatt eitt fint bilete i det siste, vi blir alltid glad for nye bidrag.


Kløverturen startar opp att!

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. mai 2020

Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 4. mai. Oppmøte ved Hals/Matkorken og turstart kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!