Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2019

Vi fann 86 artiklar i dette arkivet.


Stavgang ved Bolme i Rindal.

Sverre Kjølstad Tysdag 11. juni 2019

Torsdag 13. juni starter stavgangen ved Bolme i Rindal. Det er nok første gangen vi drar ut av fylket på stavgang, for rindalingene gjorde som kjent trøndere av seg fra 1. januar i år. Vi går etter en sti på nordsiden av elva, og etter ca. 45 min. gange snur vi og går tilbake.


Trollheimsløp med stor deltaking

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juni 2019

Med 91 startande i Trollheimsløpet er vi tilbake til 80-talets storhetstid for løpsarrangement. På dagens Trollheimsløp var det 3 alternativ løyper, med 1 km for 11-14 år, 3 km for 15-18 år og 6 km løype for juniorar og seniorar. På den kortaste løypa fekk 13-åringen Abel Sæterbø Raaen beste tid med 3,57, medan 15-åringen Lars Svorkdal fekk bestetid på 3 km løypa med 10,24. På 6 km løypa vart Kristian Woldvik best på 20.01. I dameklassen satte Hanne Mjøen Maridal ny løyperekord for damer med 22,04.


Gruvedrift ved Korshammaren

Mari B. Redalen Måndag 10. juni 2019

Idag arrangerte trimgruppa, med innleid guide og kjentmann Gudmund Kvendset tur til Korshammaren for å sjå etter restane av gruvedrifta, som var på 1840 talet. 9 personar var med på turen


Tone kjem, kjem du?

Elinor Bolme Sundag 9. juni 2019

Todalen.no jubilerer i august, og no byrjar programmet for jubileumsfesten den 10. august å ta form. Jubilanten ønsker å gi noko tilbake til bygda, og har landa på god servering, humor og kjente tonar til slutt. Styret ved leiar Stig Husby tykkjer derfor at det er ekstra stas at Tone Søyset Døving har takka ja til å halde ein minikonsert denne kvelden. -Dette blir årets fest i Ungdomshuset som du ikkje må gå glipp av, meiner han.


Triveleg ettermiddagskaffe i skulen

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juni 2019

Fredag inviterte elevane i Todalen skule til ettermiddagskaffe, der alle som hadde lyst var velkomne. Til kaffen var det diska opp med både nystekte bakels, sjokoladekake og krydderkake, men heile arrangementet starta med song frå scenekanten. Alle elevane var med i «skulekoret», og dei hausta skikkeleg applaus for songen sin.


Blomster over alle haugar i arboretet

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juni 2019

Svinviks arboret opplever no om dagen at både blomstring og besøkstal er på topp. Den kalde perioden i mai gjorde at blomstringa bremsa opp litt, men når varmen kom denne veka så kom blomstringa for fullt.


Under Skarfjellet 2 – ny, interessant bok og storveies lansering!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. juni 2019

Forfattarane, Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Stienar Ansnes, inviterte torsdag kveld til lansering av boka «Under Skarfjellet – Lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda». Det var stappfullt i hallen på Stangvik skule, ca. 70 personar, og det vart ein interessant og triveleg kveld med flott presentasjon av boka og musikalske innslag.


Lagseriestemne – Leik med friidretten

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. juni 2019

Lagseriestemne er leik med friidrett – alle som har lyst kan bli med og det er uformell og artig leik med friidretten. Her er det greit å slenge seg med eller du kan skru på full fart dersom du har lyst til det.


Svinvikrunden: Stavgangtur med mange minner…

Sverre Kjølstad Torsdag 6. juni 2019

De 26 stavgangerne som hadde funnet veien til Svinvika i dag fikk en fin opplevelse i det flotte været. Når gradestokken viser 20-tallet, og solen varmer godt er det fint å være ute på tur. Svinvikrunden starter med nokså bratt motbakke de første minuttene, men vel oppe flater terrenget ut, og det er lett gange resten av veien. Denne veien var ferdig i 1898, og det er imponerende hvor fint murene holder seg ca. 120 år etter.


Todalsdagen er i rute

Elinor Bolme Torsdag 6. juni 2019

Todalsdagen har vore arrangert i ei årrekkje. Likevel må det kvart år sparkast i gang med litt planlegging for å få alle brikkane på plass. I går kveld var dei fleste komiteleiarane på plass for det første møte, og med rutinert mannskap og gode arbeidslister frå tidlegare år så reknar Anders Gjeldnes som er leiar i fotballgruppa med at dei kjem vel i hamn i år også.


Bli med til Korshammaren

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. juni 2019

Trimgruppa i Todalen IL arrangerer tur til Korshammaren ved Todalshaugsetra. Det skjer 2. pinsedag, 10. Juni, med start frå Grusholet/Rossåbrua kl 12.00


Siloslått for fullt – avling på det jamne

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

Denne veka har Todalen Mjølk starta siloslåtten for fullt. Mykje av arealet på vel 1000 mål i Todalen reknar vi med å klare før vi tek helg, seier Ståle Ansnes hos Todalen Mjølk.