Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tone kjem, kjem du?

Elinor Bolme Sundag 9. juni 2019

Todalen.no jubilerer i august, og no byrjar programmet for jubileumsfesten den 10. august å ta form. Jubilanten ønsker å gi noko tilbake til bygda, og har landa på god servering, humor og kjente tonar til slutt. Styret ved leiar Stig Husby tykkjer derfor at det er ekstra stas at Tone Søyset Døving har takka ja til å halde ein minikonsert denne kvelden. -Dette blir årets fest i Ungdomshuset som du ikkje må gå glipp av, meiner han.

Sponsoravtaler

-Vi har søkt både til næringsliv og kommune om sponsormidlar for å få kostnadane ned på eit akseptabelt nivå, slik at vi kan sejle inngangsbillettane så lågt som muleg. Vi har ikkje fått svar på alle enda, men håpar på positiv respons på dei siste også, sidan vi har engasjert Ola Sylte og Sylte Gardsslakteri til å servere heilstekt gris med fullt tilbehør denne kvelden, fortel Stig. 

Inspirasjonsforedrag for bygdemobilisering

Før Tone entrar scena kjem Håvard Haugan og Jo Kristian Kvernland frå Beitstad og Kortnebbgåsa Ve og Vel med inspirasjonsfporedraget Gjess, we can! – historien om hvordan en fugl og to gutter snudde bygda på hodet!

Eit foredrag med laus snipp, og er inspirerande, humoristisk og engasjerende om korleis desse to karane tok i bruk eit brennande engasjement for heimplassen sin, kreativ galskap og ein forhatt fugl for å snu bygda på hodet. 

Program jubileumsfest 10. august

  • 18-20: Servering av heilstekt gris
  • 20: Gjess, we can! – historien om hvordan en fugl og to gutter snudde bygda på hodet!
  • 21: Kaffe og jubileumskake
  • 21.30: Tone Søyset og dei ukjente bandmedlemmane
  • Salg av forfriskningar i baren unndervegs

Vi har fått ei videohelsing frå Tone Søyset Døving som gler seg ti å stå på scena i Todalen Ungdomshus denne kvelden:

Todalen Grendalag stiller som medarangør denne kvelden, og billettar vil bli å få kjøpt allerede på Todalsdagen der todalen.no skal ha stand.

Publisert: 9. juni 2019, 11:01