Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2019

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Minner om årsmøtet

Elinor Bolme Onsdag 20. februar 2019

Surnadal Golfklubb minner sine medlemmer om  årsmøtet førstkommende lørdag kl 19:00 på Thon Hotel Surnadal.


TIL: Har du startpistolen i losji?

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. februar 2019

Leiar i Todalen I.L. ber om at den som har teke vare på lagets startpistol kan gi eit lite signal, da den skal brukast på fellesstarten for randonee på Kårvatn i helga. Har du den heime hos deg så meld frå til Nils Ove Bruset på telefon 970 81 093 så snart som mulig!


Kløvertur i nydeleg ver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. februar 2019

Måndag 18. februar kom med nydeleg ver; sol og mild vind – eit lite streif av vår! På Kvennsetgarden har dei no lang solgang, og i dag gjekk heile Kløverturen i sol.


Biblioteket i Todalen er ikkje ope i kveld

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. februar 2019

Bibliotekar Karen Johanne melder at biblioteket dessverre ikkje er ope i kveld, måndag 18. februar. Men neste måndag er det vanleg opningstid. Vel møtt til boklån måndagskveldane frå kl 18.00 – 20.00!


Klare for storliv rundt Dalahaugen

Elinor Bolme Måndag 18. februar 2019

På laurdag var dugnadsgjengen som har tatt på seg oppdraget med å lage storliv rundt Dalahaugen under kommande helgs randoneerenn på «stadion» for å forberede alskens aktiviteter for gammal og ung. Og aktivitet blir det i massevis kan dugnadssjef Ragnar Halle fortelje. Under laurdagens dugnadsøkt vart det blant anna laga to hoppar, slalomløype og to ulike trassear for minirandonee.


Kløvertur – du er invitert til å bli med ut og gå!

Dordi Jorunn Halle Sundag 17. februar 2019

Sanitetsforeninga minner om at det er Kløvertur måndag 18. februar. Oppmøte ved Hals, turstart kl. 11.00. Yr melder godt ver, kanskje sol til og med! Turrute blir bestemt ved oppmøte, denne gongen skal det vere tur utan glatt underlag.


NSF arrangerte randonée-trenarkurs på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Sundag 17. februar 2019

Norges Skiforbund stod som arrangør av randonée trenarkurs på Kårvatn i Todalen i helga. Trenarkurset samla 18 deltakarar fra heile landet, og sågar eit par svensker deltok i kurset som hadde base på Kårvatn, og som bruka både Dalalia og uteområdet ved Dalahaugen til «klasserom». Ove Erik Tronvoll var instruktør og han er nok godt kjent frå skimiljøet og har mange kjente namn på blokka si.


Årsmøte todalen.no

Elinor Bolme Sundag 17. februar 2019

Det er årsmøtetid også for Todalen.no, og vi kallar derfor våre bedrifts- og organisasjonsmedlemmar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 6. mars kl 19.30.  Personlege medlemmar (utan stemmerett) og andre interesserte er også hjarteleg velkomne til ein gjennomgang av året som har gått.


Avisene skal fram kvar laurdag

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. februar 2019

På laurdagar er det alternativ distribusjon på aviser, og da er det Tedros Haile som har jobben med å distribuere avisene i Todalen. Det har han gjort eit år no, og han trives godt med den jobben, som han for øvrig utfører for distributørselskapet Easy2you.


Humørfylt dugnadsgjeng på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. februar 2019

Det var ein humørfylt gjeng som var samla på Todalshytta på dugnad i helga. Dugnadsgjengen til KNT er viden kjent for sin dugnadsinnsats, og no er det altså Todalshytta som får nyte godt av innsatsen. I løpet av våren skal Todalshytta få ei skikkeleg renovering både utvendig og innvendig. Ein del ting er alt på plass, slik som reparasjon av alle vindu og legging av nytt tak. I vinter har det vore skifta ut nokre råtne stokkar i tømmerveggen og bygd nytt byslag over hovudinngangen. No startar arbeidet innomhus…..


Trim på Landbrukshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 15. februar 2019

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag melder at dei er i gang igjen med trimmen på Landbrukshuset.  Dei har fått ein dugande triminstruktør i Svein Tjelle, slik at onsdagstrimmen fortsett også onsdag 20.2. og onsdagar inntil vidare. Oppmøte kl 1100. Stavganggruppa ønsker alle vel møtt!  


SJFF inviterer til nytt jegerprøvekurs

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. februar 2019

Snart starter et nytt jaktår, og dersom du har tenkt deg på jakt så må du tenke på å ta jegerprøven dersom du ikke har den fra før. Nytt kurs er like rundt hjørnet, og det er Surnadal Jeger- og Fiskeforening som arrangerer jegerkurs for nye jegere. Blir du med på kurset nå, så er klar med jegerprøvekurs til årets høstjakt starter.