Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2018

Vi fann 63 artiklar i dette arkivet.


Dagens quiz.

Mari B. Redalen Onsdag 26. desember 2018

Kjenner du disse?


Pub, quiz og fotball

Elinor Bolme Tysdag 25. desember 2018

Pakkhuset Kro inviterer til fotball på storskjerm og åpen pub med quiz 2. juledag. Hr blir det altså noko for ein kvar smak, og ikkje minst med anledning til å treffe sambygdingar og ferierande julegjester på todalsbesøk.


Kyrkja beklager manglande ringing

Elinor Bolme Måndag 24. desember 2018

Kyrkja i Surnadal beklagar at jula ikkje vart ringt inn til rett klokkeslett i todalskyrkja julaftan. Det heile skuldast manglande kommunikasjon skriv kyrkjekontoret i ein epost til redaksjonen julekvelden. Kyrkja ønsker å sende ein stor takk til Amund Talgø som etter kvart kom seg inn i kyrkja og fikk ringt inn julehøgtida!


Med ønske om ei fredfull jul

Elinor Bolme Måndag 24. desember 2018

Prest Kristin Strand ønska i dag ei bortimot fullsett Todalskyrkje velkommen til årets julegudstjeneste. Om ikkje julesnøen fekk lov å liggje og tilføre litt ekstra julestemning, så kom likevel høgtidsstemninga etter mykje fin julesong med det lille ekstra frå galleriet.


Julegudstjeneste kl 13

Elinor Bolme Måndag 24. desember 2018

I dag er det julegudstjeneste i Todalen kyrkje klokka 13. Møt opp og kom i høgtidsstemning og ønsk dine sambygdingar og tilreisande ei riktig god julehelg!


Juletrefest på Nordvik

Elinor Bolme Sundag 23. desember 2018

Nordvik grendalag arrangerer tradisjonell juletrefest 2. dag jul i forsamlingshuset på Nordvik.


Har du eit bidrag eller to??

Elinor Bolme Sundag 23. desember 2018

No held Mari sitt lager av «dagen blide» på å tynnast faretruande ut. Ho treng derfor hjelp av dykk lesarar til å fylle oppatt slik at vi ikkje får ein stopp i dette som gjer at nettsida faktisk klarer å ha eitt nytt innlegg kvar deg gjennom heile året.


I rute til jul?

Elinor Bolme Laurdag 22. desember 2018

Kassadame Marit Tørset hadde full kontroll bak spakene på Matkroken i dag, da det var ganske så stille på inne i butikken på midt på dagen. Når ein såg på kundane, så kunne ein kanskje tenkje seg til at det no er siste innspurt i heimane rundt om før julefreden senkar seg hos dei aller fleste. Utan å ønske om å fornærme nokon for det…


Premiere for ny ekvipasje for kraftfortransport

Jon Olav Ørsal Fredag 21. desember 2018

Røv Mølle bur seg på auke i kraftforleveransane og satsar på ein heilt ny ekvipasje for transport ut til kundane. Den nye bilen har ein lastekapasitet på 31 tonn, og bil og tilhengar er ei investering på godt og vel 3,0 mill.


Prøver seg med nyttårssjakk

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. desember 2018

Har du lyst til å prøve deg på litt sjakkspell, så har du sjansen 1. nyttårsdag når det blir nyttårssjakk i Kaffekroken på Halsbua – vi startar kl. 1500. – Da blir det uformell turnering men med garanti for at alle får minst to parti. Gjennomføringa blir tilpassa dei frammøtte. Kom og bli med!


KNT: Todalshytta søker etter nye drivarar

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. desember 2018

Kristiansund og Nordmøre turistforening søkjer etter nye drivarar til Todalshytta for neste sesong. Todalshytta vart bygd i 1901 – i engelsktida – av Ethelbert Lorth Philips som på den tida dreiv med både jakt og laksefiske på Nordmøre. Etter krigen overtok KNT Todalshytta og har drive hytta både for eiga rekning og som utleie i denne perioden.


Talgø Element – dobla omsetninga i 2018

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. desember 2018

Talgø MøreTre sin elementfabrikk fikk ei dobling av omsetninga i 2018. – Det har sjølvsagt vore litt av ei utfording med ei slik auke – mykje jobb, men det det har vore artig. Det er Svein Løvik, Erling Talgø og Arve Ervik som fortel dette til Todalen.no etter at siste rest er fakturer og dei har fått oppsummert året og landa på ei omsetning på rundt 71 millioner – mot 38 mill. i 2017.