Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med ønske om ei fredfull jul

Elinor Bolme Måndag 24. desember 2018

Prest Kristin Strand ønska i dag ei bortimot fullsett Todalskyrkje velkommen til årets julegudstjeneste. Om ikkje julesnøen fekk lov å liggje og tilføre litt ekstra julestemning, så kom likevel høgtidsstemninga krypande etter mykje fin julesong med det lille ekstra frå galleriet, samt det tradisjonele julebodskapet så klart.


På galleriet sørga trompetist Linda Humberset og vikarierande, pensjonert organist Bernt Bøe at alle frammøtte fekk nydeleg tonesatte julesongar undervegs i gudstenesta. 

I tillegg var også konfirmantane delaktige både med tekstlesing og utdeling av salmebøker før gudstenesta tok til. 

Treng vi eigentleg gudstenesta, var eit av spørsmåla som soknepresten belyste under dagens preken. Og tru, kva er eigentleg det? Vanskelege spørsmål for dei fleste kanskje, men trua handlar både om å motta og å takke. både på godt og vondt kunne ho fortelje.

Og inn i julehøgtida er også det å ta vare på kvarandre, ta vare på gamle tradisjonar og kanskje skape nye og minnast året som har gått viktig for dei fleste av oss. Og som Stavanger Aftenblads leiarartikkel den 24.12.02 beskriv det, avsluttar vi og ønskar dykk alle ei riktig god julehøgtid:

Julens budskap har hatt en forunderlig evne til å fascinere mennesker gjennom 2000 år. Historien, dramatikken og mystikken gjør sitt. Men også kjernen – den innerste hemmeligheten i den usle stallen berører oss. Det nyfødte, det håpefulle. Barnet som bærer i seg forsoninga, troen, kjærligheten og dette nærmest mystisk forlokkende budskapet om et evig liv. I all enkelhet for den som vil lytte, la seg fascinere, og våger å tro.

Publisert: 24. desember 2018, 15:55