Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premiere for ny ekvipasje for kraftfortransport

Jon Olav Ørsal Fredag 21. desember 2018
Røv Mølle bur seg på auke i kraftforleveransane og satsar på ein heilt ny ekvipasje for transport ut til kundane. Den nye bilen har ein lastekapasitet på 31 tonn, og bil og tilhengar er ei investering på godt og vel 3,0 mill. 
Det er Eirik Gjeldnes som er fast sjåfør på det nye "flaggskipet", og fredag var han på Todalstur med fullt kraftforlass.  - Det var et perte og godt utstyrt førarhus, så her slepp nok ingen "lortballar" inn utan inneklær og innesko.

Den nye ekvipasjen kan laste 31 tonn på bil og hengar til saman. Det er mykje mat i eit lass med kraftfor, for å seie det litt humoristisk. Foto: Terje N.



Publisert: 21. desember 2018, 16:21