Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du eit bidrag eller to??

Elinor Bolme Sundag 23. desember 2018

No held Mari sitt lager av «dagen blide» på å tynnast faretruande ut. Ho treng derfor hjelp av dykk lesarar til å fylle oppatt slik at vi ikkje får ein stopp i dette som gjer at nettsida faktisk klarer å ha eitt nytt innlegg kvar deg gjennom heile året.

Redaksjonen oppfordrar derfor alle til å sende inn bidrag. Særleg oppfordrar vi den yngre garde til å sende inn. Kanskje har de ein spesiell fugl på fuglebrettet? Feirar ei annleis jul? Eit julepynta kjæledyr?  Eller berre funne noko fint å ta bilde av?

Liggjande format er aller best, men ja takk om det står også! Send i veg på red@todalen.no eller via vårt kontaktskjema som de finn her: Kontakt oss

Først publisert: 23. desember 2018, 06:07 - Sist oppdatert: 22. desember 2018, 19:33