Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2018

Vi fann 61 artiklar i dette arkivet.


Ypperlege badeforhold I Båthølen

Elinor Bolme Tysdag 31. juli 2018

Det meldes om brukbar temperatur også i vatnet for tida. I Båthølen er det no ypperlege badeforhold for både store og små ved den fine sandstranda.


Utleigeboligar i Todalen

Elinor Bolme Måndag 30. juli 2018

Da har vi fått tilsendt bilder og info av dei første boligane for utleige i Todalen etter at mobiliseringa med  å få meir folk til bygda starta. Skulle det være nokon som er interessert i å leie nokre av desse eller ynskjer meire info om utleigeobjekta, må dei ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes på telefon 986 11 707.


G16 – lokale størrelsar på TV2 frå Ekebergsletta

Jon Olav Ørsal Måndag 30. juli 2018

Tysdag blir det lokale størrelsar å sjå på TV2 Sportskanalen, som kl 10.30 sender kampen mellom G16 Surnadal/Søya/Todalen – Porsanger. G16 er altså det felles 16-årslaget som Surnadal, Søya og Todalen er med samarbeider om.


Festivalpunktum med fotballturnering på Svissholmen

Elinor Bolme Sundag 29. juli 2018

Etter i underkant 10 kulturelle innslag og opptil fleire etargilder var det på sin plass å avslutte helgas Stangvikfestival med litt god gamaldags fysisk fostring og fotball på høgste nivå. I alle fall så høgt nivå som deltakarane tillot, når Svissholmen fyltes opp med folk for siste post på programmet: fotballturnering.


Tropenatta er eit faktum

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juli 2018

I natt har gradestokken på heimebane registrert årets første tropenatt. Minimumstemperaturen i løpet av natta er registrert på 23,0 grader, og meir eller mindre heile natta har det vore fin og god fønvind og faktisk temperatur til å sitte ute.


Klarstemte Trondheimsolister i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juli 2018

Sjølv om gradstokken kom over trettitalet, så hindra ikkje det Stangvikfestivalen i å fylle kyrkja med eit lydhøyrt publikum som kom for å høyre TrondheimSolistene. Og dei fekk jammen fekk dei skikkeleg valuta for pengane.


Gapkjøring i lysløypa på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. juli 2018

Tydelege spor fortel om at gapkjøring har pågått i lysløypetraseen på Tjønnmyra. – Dette er helt forkasteleg, seier leiar i Todalen Idrettslag Nils Ove Bruset, og minner om at dette er eit anlegg som er bygd på dugnad og finansiert med tippemidlar.


Det ligg kanskje an til tropenatt? Oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 27. juli 2018

I dag har vi nok hatt sommarens varmaste dag hittil. På tidleg ettermiddag viste gradstokken 32,5 grader, og da føltes best å ha minimal fysisk aktivitet og rikeleg med drikke. Heldigvis er det rikeleg med kaldt vatn i Lauvåvatnet enno, så det er ingen problem med å etterfylle væske


Død sel – sjeldan gjest i småbåthamna

Jon Olav Ørsal Fredag 27. juli 2018

Fredag vart det funne ein død selunge på yttersida av småbåthamna på Kvennset. Området rundt småbåthamna, der elva og fjorden møtes, er hyppig bruka til bading og det var badegjestar som oppdaga den døde selungen som låg i flomålet.


Opus 7217 – fengande og flott konsert i Ungdomshuset!

Dordi Jorunn Halle Fredag 27. juli 2018

Den 13. Stangvikfestivalen tjuvstarta i Todalen ungdomshus torsdag kveld. Det var stappfull sal da festivalsjef Jo Inge Nes opna årets festival, og det var varmt både inne og ute. Unni Boksasp Ensemble stod på scena og tok publikum med på ei spesiell og spennande musikalsk reise – Opus 7217!


Spitfireflyet skal «rekonstruerast»- har du info?

Elinor Bolme Torsdag 26. juli 2018

Surnadal hadde i junni besøk av ein overvettes ivrig Tony Hoskins som skal bidra til ein BBC-dokumentar om Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka i 1942. Fredag 27. juli kl. 14 kjem han tilbake til Surnadal kulturhus  – og håpar med god hjelp frå surnadalingane å rekonstruere mest muleg av det spesielle flyet, melder kultureininga ved Surnadal kommune


Træff og Marit Ingeborg vidare til A-sluttspel

Elinor Bolme Onsdag 25. juli 2018

I dag har Træff med dei fire surnadalsjentene spela to nye kampar i Dana Cup i Danmark. Første kampen møtte dei Kenty BT frå Sverige. Her vann dei komfortabelt 5-0, før dei fekk ein liten pause utpå dagen før ny kamp til kvelds. Denne var mot Trondhems-Ørn, og trønderjentene tok leiinga ganske fort.