Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2018

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.


Mange vart med på Kløverrusletur

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. mai 2018

Måndag 28. mai var det tid for årets første RUSLETUR, og riktig mange møtte opp for å vere med på trim med kaffelag i godt turver.


Arboretet: – Vårsøgkonsert i sommarkvelden

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mai 2018

Vårsøghelga avslutta ei omfattande program med konserten med Engegardskvartetten i Svinviks arboret i går kveld. Det var bra med folk som møtte på konserten i arboretet, og dei kunne kose seg i sommarkvelden med både song og musikk. Programmet starta med strykarar frå kulturskulane i Sunndal og Indre Nordmøre som opptredde med eit fellesprosjekt. Dei vart akkompagnert av Erik […]


Erik klar for ungdoms-NM i Overhalla

Elinor Bolme Sundag 27. mai 2018

I helga har Erik Kårvatn delteke på Trondheimslekene 2018. Eit stort friidrettsstemne kor friidrettsutøvarar frå heile Midt Norge møtes for ulike friidrettsgreiner. Erik spring for Rindal IL og har delteke i to ulike distansar; 400 meter i går, og 800 meter i dag.


Dugnad på kyrkjegarden i morgon

Elinor Bolme Sundag 27. mai 2018

Anders Gjeldnes fortel i ein epost til redaksjonen at Ragnar Halle har teke initiativ til ein dugnad på kyrkjegarden for å pynte rundt gravstøttene og kyrkjegardsmuren. Denne blir allereie i morgon klokka 19.


Todalshytta: Ny sesong i emning……

Jon Olav Ørsal Sundag 27. mai 2018

I dag da vi passerte Todalshytta såg vi at det var full aktivitet med vindusvask, og da stoppa vi sjølvsagt og slo av ein prat. Det var drengen, Terje Kristiansen, som var i full gang med vindusvask på kjøkkenet. Terje røpa at han har vært på hytta sia 17. mai, og har pusla med vaktmestertjenester dei siste par vekene – og det var ikkje vanskeleg å sjå.


Else fikk Kleivaprisen….

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mai 2018

Vårsøghelga er god i gang, og laurdag kveld var det Kleivakvelden som stod på det rikhaldige programmet. Ein av programpostane som det er knytt stor spenning til er utdeling av Kleivaprisen. I år var det politimester Ingar Bøen som hadde æren av å dele ut prisen, og jammen hadde komiteen funne ein verdig prismottakar!


Fotballfest på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 26. mai 2018

Laurdag 26. mai gjekk andre runde i Nordmøre Championship av stabelen på Bordholmen. Her møttest tre lag til dyst, nemleg Rindal, Søya og Todalen, og det vart tre spennande og artige kampar.


Vi er opptekne av kulturarven vår

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mai 2018

At Todalen historielag klarer å samle nærare 40 interesserte til historisk vandring på ein laurdag ettermiddag er jammen godt gjort. Men laurdag var det faktisk slik, da historielaget gjorde sambygdingane kjent på Kvennsetgarden – eller rettare sagt resten av Kvennsetgarden


Hugs fotballkampen i dag!

Mari B. Redalen Laurdag 26. mai 2018

Kom på Bordholmen og se Todalen spelar mot Søya og Rindal i dag kl 14.00

Open kiosk.


Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Fredag 25. mai 2018

Måndag 28. mai inviterer Saniteten til Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå. Her er det fin gapahuk og fine, faste grusvegar å gå etter. Her kan ein gå så kort eller langt ein vil i eige tempo, og ein kan ta seg fram med både rullator, krykkjer eller stavar.


Det gror oppiatt

Elinor Bolme Fredag 25. mai 2018

Torsdagar møtes ein ivrig gjeng knøttespelarar på Bordholmen for å trene på fotball. I år har det så langt vore rekordoppmøte av unge jenter og gutar frå førskulealder til og med 2. klasse.  Når vi var nedom som snarast banen i går var det skudd på mål som sto på agendaen, og keeper og trenar […]


Komitelistene for Todalsdagen er klare!

Elinor Bolme Fredag 25. mai 2018

Fotballgruppa melder om rekordtidleg oppsett av dugnadslistene til årets Todalsdag som i år blir arrangert laurdag 30. juni. Listebas Bjørn Gunnar Ansnes håper at kunngjering her på todalen.no er tilfredsstillande såpass god tid i førevegen.