Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballfest på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 26. mai 2018

Laurdag 26. mai gjekk andre runde i Nordmøre Championship av stabelen på Bordholmen. Her møttest tre lag til dyst, nemleg Rindal, Søya og Todalen, og det vart tre spennande og artige kampar.

Første kampen var mellom Todalen og Rindal, her vart det heimeseier med scoringar ved Ole Martin Øyen, Kristoffer Nordvik og Eivind Bolme frå heimelaget. Resultatet vart 4-1.

Press mot todalsmålet. Foto: Dordi J H

Den neste kampen mellom Søya og Todalen vart svært jamn og spennande, og enda uavgjort 1 – 1 med scoringar av Kenneth Sæterbø og Steinar Gjeldnes. Denne kampen vart avslutta litt før tida, da ein av spelarane til Søya fekk ein kneskade. Heldigvis var det medisinsk personell til stades så den skadde fekk straks god hjelp. Vi ønskjer den uheldige fotballspelaren riktig god betring!

Dessverre vart ein søyaspelar skadd, men etter god hjelp på Bordholmen, vart han frakta til sjukehus i privatbil. Foto: Elinor Bolme.

Siste kampen var mellom Søya og Rindal. Dette vart også ein jamn kamp med mange målsjansar. Kampen enda uavgjort 2- 2.

I Nordmøre Championship er det 7 personar på kvart lag, 20-minutts omgangar og dei bruker om lag ein fjerdedel av ein vanleg fotballbane. Men det er kampar med stor innsats og fotballglede. Her kan alle som likar å spele fotball vere med. På laget til Todalen er det godt og vel 30 års aldersforskjell mellom yngste og eldste deltakar! Litt spesielt er det og  at son og far Bolme, Eivind og Ivar, spelar i lag på todalslaget. Knut Bergli er oppmann for Todalen, og han seier at jenter kan også bli med på laget!

Dette er eit fint tiltak som motiverer til trim og trening, og det er med å skape aktivitet og trivsel i bygdene på Indre Nordmøre. Her i Todalen er det ein fin møteplass mellom dei som bur fast i bygda, og dei som er heime i helger og feriar.

Her er todalingane som stilte til kamp i dag. Fremst frå venstre: Ole Martin Øyen, Svein Håvard Brøndbo, Kolbjørn Halle, Ola Talgø, Ola Haugen Ansnes, Eivind Bolme, Andreas Brøndbo. Bak frå venstre: Ola Dalsegg, Knut Bergli, Brage Hauglann Talgø, Amund Talgø, Kristoffer Nordvik, Lars Kristian Kvande, Steinar Gjeldnes, Ola G. Kvendset, Aasmund Longva Kvendset.  Ivar Bolme og Jo Gjeldnes vart ikkje med på biletet. Foto: Jon Olav Ørsal.

På Bordholmen i dag var det godt med publikum i finveret. Folk kosa seg både med fotball, triveleg prat og god servering frå kiosken.

Triveleg på Bordholmen i dag! Foto: Dordi J H

Erling Talgø og Knut Bergli styrte i kiosken. Dei fekk god hjelp av Håkon. Graut og bakels er populært året rundt. Foto: Dordi J H

 

 

 

 

 

Publisert: 26. mai 2018, 20:57