Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2018

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Kløvertur utover til Nessahaugen

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. april 2018

Endeleg vart det litt i vår i lufta og mestå berre vegar slik at Kløverturgjengen kunne gå trygt og godt utan broddar og joggepiggskor – godt!


Bli med på fotokurs i Todalen!

Elinor Bolme Måndag 9. april 2018

Styret i todalen.no har engasjert Surnadal Fotoklubb til å lage eit lågterskel fotokurs til oss. Tittelen er: Enkel innføring, nå også for dei med mobil. Dette fordi dei aller fleste av oss brukar telefonen til det aller meste, også som fotoapparat. 


Medlemsmøte

Elinor Bolme Måndag 9. april 2018

Surnadal Pensjonistlaget har medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 10.4 kl 15.00. Det blir vanlege møtesaker, quiz, song og musikk. Og naturleg vis servering og loddsalg. Vel møtt!


P17-koret – Vårsongfest med celebert besøk

Jon Olav Ørsal Sundag 8. april 2018

Tradisjonelt har det vore fast program med vårsongfest i Bøfjorden grendehus kvar 1. mai. I år passa det best å arrangere dette no, og tradisjon tru har Bernt Bøe klart å samla varierte underhaldningskrefter til arrangementet.


Bra trafikk på Svinvikrunden

Jon Olav Ørsal Sundag 8. april 2018

No når vinteren slepper taket og våren tek over er det mange som stundar på å starte friluftslivet, med turar i skog og mark. Svinvikrunden har for så vidt vore bruka som turmål i heile vinter, men trafikken tek litt meir av no som det etter kvart blir barmark.


I.I. Søya – imponerande løypenett med utspring frå Vang skistadion

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. april 2018

På tampen av sesongen er det mange plassar snart slutt på vinterføret. Ein snartur innom I.L. Søyas løypenett som har utspring frå området ved Vang skistadion fikk oss til å revurdere den oppfatninga. Her er det enno mykje skiføre, og eit imponerande løypenett står til disposisjon for den som har lyst på ein skitur – eller rett og slett ein topptur til Strengen.


Kløverturen startar vårsesongen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. april 2018

Måndag 9. april blir det Kløvertur – da er påskeferien slutt. Som vanleg er det oppmøte ved Hals og turen startar kl. 11.00.


Trudy & Dave med flott debutsingle

Jon Olav Ørsal Fredag 6. april 2018

Trudy & Dave kjenner vi kanskje ikkje, men ser du på biletet ein gong til så oppdagar du nok at det er kjentfolk frå Todalshytta – Johanna Demker og Alf Bretteville-Jensen. No har dei formalisert samarbeidet på scena og kallar seg altså Trudy & Dave, og har nettopp lansert sin debutsingle «Force Of Nature», som kom til verden ved gapahuken i Fosstrøinn i Todalen.


Rute 46: Tekniske problem for Fjord1

Jon Olav Ørsal Fredag 6. april 2018

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Avgangen fra Kvanne 21:00 og 21:30, samt fra Rykkjem 21:15 og 22:15 blir i kveld innstilt pga teknisk problem, melder Fjord1 Frå kl 22.30 er det normal drift i sambandet igjen. 


Naturens «skrik» vant månadens bilete for mars

Mari B. Redalen Fredag 6. april 2018

Med god margin vart det Magne Søyseth sitt Naturens «skrik» som gjekk til topps på årets tredje kåring. Vi gratulerer og lovar å koma innom med premie.  Har du eitt bilete på lur, så send det inn til oss på red@todalen.no Kanskje sitt du med eitt bilde i papirform som kunne passa som dagens bilde? […]


Dataklubben med oppstart etter påske

Elinor Bolme Fredag 6. april 2018

Dataklubben til pensjonistlaget har treff på biblioteket på Skei onsdag 11.4. kl 1100, melder Kristian Ranes.  Han fortel at dei denne gongen vil få vitjing av 2 representanter frå NAV. Ellers vil den populære dataklubben ta sikte på å treffast kvar onsdag framover, ut mai.


Kleivaprisen for 2018 går til …

Steinar Hasselø Torsdag 5. april 2018

Det er 120 år sia Hans Hyldbakk vart fødd og det vil bli markert på kulturhuset på sjølve dagen, altså på 8. mai. Meir om det når det nærmar seg.