Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

P17-koret – Vårsongfest med celebert besøk

Jon Olav Ørsal Sundag 8. april 2018

Tradisjonelt har det vore fast program med vårsongfest i Bøfjorden grendehus kvar 1. mai. I år passa det best å arrangere dette no, og tradisjon tru har Bernt Bøe klart å samla varierte underhaldningskrefter til arrangementet.

P17-koret laga seterstemning i Bøfjorden Grendahus. Artig å høre element frå seterkabareten frå 90-talet igjen. Foto: Jon Olav Ørsal

I år kunne han sette operastjernene Maria Nohr, Erik Rosenius, Sigrid v. Bøe og Hedda Hansen Berg på programmet. I tillegg deltek P17-koret med korsong og dei har friska oppatt deler av seterkabareten som dei framførte for mange år sia, i tida som Åsskard kyrkjekor og Todalskoret. I tillegg var det mykje allsong i fleire bolkar og Torgeir Leivdal var der med fela si. Han sørga og for musikk til danseoppvisninga som Surnadal folkedansarlag hadde.Operagjengen hadde 3 avdelingar med operainnslag. Både separate innslag og med fellesnummer, der vi fekk smakebitar både frå Carmen, La Boheme og  Sound of Music. Det var imponerande songstemmer som vart slepte fri i Bøfjorden Grendahus denne ettermiddagen og førestillinga trekte da også fullt hus denne dagen.  Gode songstemmer la også publikum for dagen, da allsong var ein viktig del av programmet. Gunvald Bøe leia allsongen, samtidig som han krydra omtalen med gode og lune historier.

Bernt Bøe fortale frå livet på seterstølen – livaktig og med god historisk innsikt. Foto: Jon Olav Ørsal

Bernt Bøe fortalte om seterlivet i gamle dagar, og seterbøkene for Bøfjorden og Todalen som på tampen av 90-talet ga inspirasjon til å sette opp ein seterkabaret som eit samarbeidsprosjekt for kora han var dirigent for. Det var eit artig og triveleg gjensyn med deler av seterkabareten. Gjennom seterkabareten klarte Bernt å formidle både slitet, romantikken og litt av kvart som gjekk føre seg på setervollen. Her var nok både kulokk, overtru og lange arbeidsdagar med i kvardagen. Koret runda av med «Høykjørarslått» og Grautmarsjen som var arrangert for kor av Bernt Bøe.På tampen av programmet hadde P17-koret ei koravdeling, der dei song «Fjäriln», Sandbecks «Menuett i mai», «Man borde inte sova» og til slutt «Edelweiss» frå musikalen «Sound og Music».

Hedda Hansen Berg akkompagnerte operagjengen – i august startar ho på som organist i Stangvik prestegjeld. Foto: Jon Olav Ørsal

Torgeir Leivdal framførte slåtten «Hesteleitaren» i første del av programmet med fela. I andre omgangen sørga han for dansemusikk til Surnadal folkedansarlag med både ein polsdans og ein vals etter spelmannen Hallvard Ørsal. 3 timar med stinn brakke gjekk fort, berre med ein kort kaffepause for litt påfyll av energi og litt loddsal. Loddsalet var nok ein lønsam geskjeft for arrangøren som fekk inn til saman 19 000 blanke kroner. Arrangør var P17-koret, Bø grendalag og Åsskard bygdekvinnelag i samarbeid.

Solistar frå seterkabareten – Borghild Talgø og Øystein Moe. Foto: Jon Olav Ørsal

Svingar seg i dansen – Ingrid og Jan Nordvik deltok i danseoppvisninga som Surnadal folkedansarlag hadde. Foto: Jon Olav Ørsal

Maria Nohr skøya litt med Bernt Bøe i si framføring av Carmen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 8. april 2018, 23:08 - Sist oppdatert: 9. april 2018, 07:07