Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra trafikk på Svinvikrunden

Jon Olav Ørsal Sundag 8. april 2018

No når vinteren slepper taket og våren tek over er det mange som stundar på å starte friluftslivet, med turar i skog og mark. Svinvikrunden har for så vidt vore bruka som turmål i heile vinter, men trafikken tek litt meir av no som det etter kvart blir barmark.

det er enno litt is att i hamrane, så utvis litt forsiktigheit. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er enno litt is att på gammelvegen, men brukar du solide sko så går det fint. Ein ting som ein skal passe seg litt for er isen som heng oppunder hamrane enkelte plassar.  Til dels store isblokker tinar og ramlar ned på vegen – dette gjeld både den øverste delen av gammelvegen og nedmed sjøen der det er store blokker som kan kome. Men med litt forsiktigheit går nok dette bra.

Elles ber grunneigaren om at du tek med deg søppelet heim etter turen. Det er ikkje noko problem enno i år, men vi observerte ein «hundpose» som hang til utstilling i eit tre. Det er nok unødvendig i eit turområde, og vi oppfordrer alle til å ta vare på sitt søppel når du er ute på runden.

StikkUt: På turens høgste punkt kan du registrere turen dine i turboka som er lagt ut. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er enno litt is att på vegen, men med varmen som er meldt neste veke vil den nok forsvinne fort. Foto: Jon Olav Ørsal

På turens høgaste punkt er det sett opp ein «StikkUt-kasse» med bok for turregistrering dersom du ønskjer det.  Svinvikrunden var i fjor eit av dei mest bruka turmåla i kommunen. Og det fine med Svinvikrunden er at heile runden er relativt godt skjerma for biltrafikk.

God tur!

Svinvikrunden er 4,6 kom – ein fin trimtur med kuppert terreng etter gammeldvegen. Foto. Jon Olav Ørsal

…og så tek du «hundeposen» og anna søppel med deg heim, og kaster den i søpla! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. april 2018, 13:45