Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I.I. Søya – imponerande løypenett med utspring frå Vang skistadion

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. april 2018

På tampen av sesongen er det mange plassar snart slutt på vinterføret.  Ein snartur innom I.L. Søyas løypenett som har utspring frå området ved Vang skistadion fikk oss til å revurdere den oppfatninga. Her er det enno mykje skiføre, og eit imponerande løypenett står til disposisjon for den som har lyst på ein skitur – eller rett og slett ein topptur til Strengen.

Skikkeleg fine løyper både for ski- og fottrimmarar. Magne og Brit Hansen og Berit Kårvatn. Foto: Jon Olav Ørsal

I.L. Søya har lagt ned ein stor innsats med merking og vedlikehald av eit omfattande løypenett i området. For det meste er løypene lagt til eksisterande skogsvegar, men det går oppkjørte løyper heilt til topps på Strengen.  Her kan du velge løyper med ønskeleg profil og vanskelighetsgrad som passar dine ambisjonar og kondisjonsnivå. Det er laga fine trasear med påkøyrt spor og det går godt an å gå til fots utan at det skaper noko form for konflikt.  

Ved vang skistadion er det ei stor informasjonstavle som viser kart over heile Strengenområdet – både sommar- og vinterkart.  På vinterkartet er det sjølvsagt oppkjørte løypetrasèar for skiturer, medan sommarkartet har oversikt over turstiar for sommerbruk. I same området er det og ein stor vinterbrøyta parkeringsplass til disposisjon.

Både vinter- og sommarkart på infotavla ved Vang. Foto: Jon Olav Ørsal

Løyper er merka bade med skilting og med fargekoder. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi var eit stykke på veg – her kan du nyte utsikten over Nesøya og Neslandet, og vidare over til Vågbø i Tingvoll. foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. april 2018, 19:30