Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2018

Vi fann 44 artiklar i dette arkivet.


Rundt 6000 m3 er køyrt ut til no

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. januar 2018

Til no er det køyrt ut rundt 6000 m3 med stein og anna masse frå anleggsområdet i Falla, seier Gudmund Ole Vatn til Todalen.no. – Vi trur at den siste salva er skoten i dag, og no står det att utkjøring av massen frå den siste salva. Muligens må vi skyte ut litt i botnen for å jamne ut litt, men det blir berre småtteri i tilfelle. Dermed skal det være klart for å opne for trafikk av større bilar i veke 6, og etter kvart vil da trafikken kome i gang att som normalt.


Gudsteneste – vi tek imot nypresten

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. januar 2018

Søndag 28. januar kl 11, er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Bli med og ta i mot den nytilsette presten Kristin Strand denne dagen, oppfordrar Todalen sokneråd, som byr på kyrkjekaffe etter gudstenesta. – Her blir det høve til å treffe og bli kjent med Kristin. P17-koret deltek også i gudstenesta denne dagen, og vil være med og gjøre stas på nypresten. Under gudstenesta blir det takkoffer til misjonsprosjektet.


Tid for å fornye medlemsskapet i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. januar 2018

Med nytt år er det tid for medlemskontingent for 2018. Todalen Idrettslag har mange medlemmer, og det er litt av en kabal å få på plass for kassereren. Todalen IL er registrert i frivillighetsregistret, og det settes ganske strenge krav til innkreving av medlemskontingen og handtering av registrerte medlemmer, forteller kasserer Michal Heimlund. Han har lagt mye arbeid i å rydde opp i medlemsregistret og fått på plass et system i forbundets opplegg som heter KlubbAdmin, og faktura finner du i postkassen en av de første dagene.


SJFF inviterer til årsmøte

Elinor Bolme Onsdag 24. januar 2018

Surnadal JFF inviterer alle sine medlemmer til sitt årsmøte på Thon Hotel Vårsøg 1. mars kl 1900. Saker ein ønskar behandla på årsmøtet må være sendt til styret innan 15. februar.


Prima skiføre og premiere for ny sporfres

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. januar 2018

Todalen I.L. har satsa mykje på lysløypa på Tjønnmyra dei siste åra. Siste nytt er ein sporfres for traktor, som freser og lagar skispor. Tysdag var det premiere for det nye utstyret som har kosta rundt 130.000 og resultatet vart bra, konstaterer Ståle Ansnes.


Alarm – men røyk utan eld

Jon Olav Ørsal Måndag 22. januar 2018

På MøreTre fekk dei seg ein støkk i morgontimane måndag morgon da brannalarmen vart løyst ut, og signaliserte at det var røykutvikling i kranhall syd. Det viste seg etter kvart å være falsk alarm, men før situasjonen var avklart måtte vi gå inn og sjekke, og valgte difor å tilkalle brannvesenet, seier Roar Nordvik som er produksjonsleiar ved Talgø Møretres anlegg på Syltøran.


Populær ettermiddagskaffe med historisk snert…

Jon Olav Ørsal Sundag 21. januar 2018

Interessa for lokalhistoria er stor i Todalen. Søndag samla Todalen historielag eit 60-tals historieinteressert frå Todalen og omegn til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus.  Nils Røv var hyrt inn som kåsør og underhaldar, og det var ei oppgåve han kom seg godt ut av. Nils Røv hadde to sekvensar, der han i første del fortalte lokale […]


Søndag: Ettermiddagskaffe med Nils Røv

Dordi Jorunn Halle Laurdag 20. januar 2018

Førstkomande søndag, 21. januar kl. 15:00, arrangerer Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Denne dagen blir det program med Nils Røv som både kåserer, viser bilete og spelar munnspel!


Rekordarta på elementavdelinga i Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 19. januar 2018

På elementavdelinga til Talgø MøreTre er det full trøkk om dagen. Denne veka rulla det inn ein rekordarta ordre på støyskjermar på nærare 11 millionar. I tillegg er det mange store ordrar som alt er i hamn og mange som er på gang, fortel driftsleiar Arne Rudningen ved Talgø MøreTre’s elementavdeling i Todalen.


«Norsk» Hollywood-film og andre godbitar

Steinar Hasselø Fredag 19. januar 2018

Tre nye filmar på Surnadal kino denne helga; og alle er spesielle på sin måte!

Som herr Feng, ei søt og uskuldig mus som viser seg å vera ein heilt vill meister i Kung-Fu. Han skal hjelpe ekornet Egon og andre dyr med å hindre at den sleske borgarmeisteren øydelegg parken dei bur i. «Det elleville nøttekuppet 2» (6 år) går frå i da fredag 19. januar.


Sonerenn på Vang

Elinor Bolme Torsdag 18. januar 2018

Skigruppa i IL Søya inviterer til sonerenn laurdag den 27. januar kl. 11.00 på Vang Skiarena. Påmelding med navn, klubb og fødselsår sendas på SMS til Torill Bye tlf. 932 55 282 før kl kl.09.30 renndagen .


No blir det kaldt igjen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. januar 2018

På 10-dagersvarselet til yr.no meldes det kuldegrader for heile perioden. Nattemperaturen vil variere frå -1 til -10 etter vêrmeldinga, men erfaringa viser at det ofte blir kaldare en meldt.