Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alarm – men røyk utan eld

Jon Olav Ørsal Måndag 22. januar 2018

På MøreTre fekk dei seg ein støkk i morgontimane måndag morgon da brannalarmen vart løyst ut, og signaliserte at det var røykutvikling i kranhall syd.  Det viste seg etter kvart å være falsk alarm, men før situasjonen var avklart måtte vi gå inn og sjekke, og valgte difor å tilkalle brannvesenet, seier Roar Nordvik som er produksjonsleiar ved Talgø Møretres anlegg på Syltøran.

Her ryk det berre frå pipa på Talgø MøreTre – i morgontimane vart brannalarmen løyst ut i det grå bygget midt på biletet. Foto: Jon Olav Ørsal

Vår sikkerheitsinstruk seier at vi aldri skal ta sjanser som kan sette liv og helse i fare i samband røyk og brann, men det vart ganske fort avklart at det ikke var brann eller eld laus i lokala. Årsaka ligg nok i at luftmengden i ventilasjonsanlegget blir redusert i kulda og at sensorane fanga inn dieselrøyk  frå ein stor gaffeltruck som stod og gikk på tomgang, seier Nordvik. For å eliminere slike hendingar har vi alt no endra rutinane for å unngå liknande problem i ettertid.

Vi er imidlertid på «tå hev» når det gjeld brannfaren i samband med royalanlegget, der det er lagra store mengder med linolje. Ein brann her vil være katastrofal for bedriften, så brannsikkerheit har høg prioritet her.  Denne gongen gikk det heldigvis bra, seier produksjonssjef Roar Nordvik til slutt. 

Publisert: 22. januar 2018, 15:42