Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prima skiføre og premiere for ny sporfres

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. januar 2018

Todalen I.L. har satsa mykje på lysløypa på Tjønnmyra dei siste åra. Siste nytt er ein sporfres for traktor, som freser og lagar skispor. Tysdag var det premiere for det nye utstyret som har kosta rundt 130.000 og resultatet vart bra, konstaterer Ståle Ansnes.

Hydraulisk styring på spormaskina foto: Jon olav Ørsal

Det er ein 3 meter brei Skjeldalfres som idrettslaget har investert i, og den har stor nok bredde til både å lage skispor og trase for skøyting.  Todalen I.L. har venta på meir snø for å få skikkeleg skispor, og det siste døgnet har det kome såpass at det har vorte ypparlege forhold på Tjønnmyra.

Tjønnmyra er enno bruka til omkjøring på grunn av vegarbeidet ved Kufalla, men det er ikkje meir trafikk enn at det er plass til alle partar. – Og snart er vegen i Kufalla såpass ferdig at den kan opnast for trafikk, og da blir det «fri flyt» på Tjønnmyra igjen.

Publisert: 23. januar 2018, 16:16