Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2017

Vi fann 83 artiklar i dette arkivet.


Trimtur i Lorth Phillips sine fotefar..

Jon Olav Ørsal Måndag 8. mai 2017

Todalen sanitetsforening er pådrivar for å arrangere trimturar kvar veke. I beste folkehelseånd motiverer dei folk til å røre på skrotten litt og prøver å variere målet for turane litt, slik at det skal bli variasjon og for at folk skal gjera seg kjente på heimlege trakter. Måndag gikk turen hadde turen start frå Bruset og gikk langs elva oppover til Fosstrøinn, Hafallmelen og til Nernesset, med Jon bruset som guide og kjentmann.


Biblioteket: Torsdag blir bibliotekdag ut skuleåret

Jon Olav Ørsal Sundag 7. mai 2017

Frå denne veka og ut skuleåret blir opningdag for biblioteket endra til torsdagar frå kl 18-20.  Torsdag 25. mai er biblioteket stengt på Kristi himmelfartsdag, melder bibliotekaren. 


Saueslepp i Gammelstua på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. mai 2017

Søndag 7. mai inviterte Oddvar Mikkelsen med familie til saueslepp i Gammelstua. Det var ikkje berre sauene som fekk sleppe ut av fjøset etter ein lang vinter, men også geitene. Mykje folk – både små og store – hadde møtt opp, og det var både livleg og trivlege i tunet i Gammelstuå.


Kløvertur langs Toåa

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. mai 2017

Måndag 8.mai er det på nytt Kløvertur. Oppmøte ved Matkroken kl. 11.00 som vanleg.

Denne gongen blir det tur langs Toåa frå Bruset og innover til Fosstøin. Vidare er det plana å gå inn til Hafallmelen og så ned til ein fin gapahuk nedst på Brusetnesset


Årets «må ha»: Todalen IL klubbjakke

Elinor Bolme Sundag 7. mai 2017

Todalen IL har no bestemt at idrettslaget endelig skal få nye klubbjakker. Disse var i første omgang tenkt kun for knøttelaget, men etter ei vurdering blir det no opna opp for bestilling for alle ihuga todalspatriotar.  Jakken er svart og kvit som på bildet, av merket Hummel, og kan bestillast i alle størrelsar frå 116 […]


Ingen feiring uten korps – veteranane stiller opp….

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. mai 2017

År etter år stiller dei opp for at vi skal få korpsmusikk til 17. mai-toget i Todalen. Vi snakkar om veteranar frå Stangvik skulekorp, som vart lagt ned for nokre år sia. No stiller dei opp og revitaliserer korpset som er forsterka med folk frå andre korps som også har lyst til å friske oppatt korpsmusikken litt.


Svinvikrunden er no open igjen.

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. mai 2017

Fredag kveld melder Stikk UT!-kontakt Norunn Holten at Svinvikrunden er open for vanleg ferdsel igjen. Det var synfaring i berget ovanfor stien fredag ettermiddag.


Tjuvstarta strandryddedagen

5. klasse Fredag 5. mai 2017

Torsdag 4. mai var Todalen skule på Vorpnesset og ryddet stranda for søppel. Halve skulen sykla til enden av vegen og møtte der dei som hadde fått sitte på bil utover, så gjekk vi alle resten av vegen.


Siste om Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. mai 2017

Stikk UT!-kontakt i kommunen melder at deler av Svinvikrunden framleis er stengt. Men dei som ønskjer å gå turen likevel, skal følgje vegen langs sjøen. Da blir dette ein tur fin tur att og fram i staden for rundtur. Fjellet ved rasstaden vil bli undersøkt i løpet av helga. Vi kjem tilbake med informasjon når det blir […]


Mammografi for kvinner i Surnadal kommune

Elinor Bolme Fredag 5. mai 2017

Alle kvinner i Surnadal kommune født 1947-1966 er nå invitert til mammografiundersøkelse fra 8. mai – 8. juni 2017. Da kommer mamografibussen til Surnadal sykeheim, og i følge en pressemelding fra Kreftregisteret er det 716 surnadalskvinner som har fått invitasjon til å utføre denne gratis undersøkelsen.


Spyling: Eit sikkert vårtegn

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mai 2017

Når brannlaget i Todalen fyrer opp brannsprøytene og spyler plassen mellom Talgø-fabrikken og Halsbua er det på tide å finne fram 17. mai- sløyfa. Det er eit utruleg sikker tegn på at vinteren har slept taket, og våren er på full fart inn.


Steinras i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Torsdag 4. mai 2017

I går vart det oppdaga steinras i Svinvikrunden. Store steinar har losna i eit overheng i berget og ramla ned i stien. Derfor er stien stengt eit parti, og det er skilta ei alternativ turrute.