Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets «må ha»: Todalen IL klubbjakke

Elinor Bolme Sundag 7. mai 2017

Todalen IL har no bestemt at idrettslaget endelig skal få nye klubbjakker. Disse var i første omgang tenkt kun for knøttelaget, men etter ei vurdering blir det no opna opp for bestilling for alle ihuga todalspatriotar. 

Jakken er svart og kvit som på bildet, av merket Hummel, og kan bestillast i alle størrelsar frå 116 til XXL. Her vil det bli anledning til å prøve (og bestille) dei ulike jakkestørrelsane førstkommande torsdag mellom kl 17.30- 19.30 på Bordholmen.

Veit du allerede no kva for størrelse du vil ha, er det berre å sende ein SMS med navn og størrelse til 90 19 62 68 (Elinor).

Med logo og gode sponsorar på framsida, og naturleg vis Todalen IL på ryggen.

Først publisert: 7. mai 2017, 07:29 - Sist oppdatert: 5. mai 2017, 20:00