Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ingen feiring uten korps – veteranane stiller opp….

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. mai 2017

År etter år stiller dei opp  for at vi skal få korpsmusikk til 17. mai-toget i Todalen.  Vi snakkar om veteranar frå Stangvik skulekorp, som vart lagt ned for nokre år sia. No stiller dei opp og revitaliserer korpset som er forsterka med folk frå andre korps som også har lyst til å friske oppatt korpsmusikken litt.

Veteranar kjører ofte godt på gammel vane, men i år skal det trene litt på forhand.  Det er lagt opp til øving to gong før 17. mai, og så er det rett på sak og korpsmusikk både i folketoget og i skulen etterpå. Da Todalen.no stakk innom var gjengen godt i gang, og vi kan iallfall røpe at vi får høre «Gammel jegermarsj», «Military Escort», «Norge i rødt, hvitt og blått» og «Cut time strut».  Neste øving er søndag 14, kl 14)

Programmet for 17.-feiringa i Todalen er ikkje klart enno, men kommiteen røpar at det er like rundt hjørnet og da kjem vi med meir info.

 

Publisert: 6. mai 2017, 19:27