Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2017

Vi fann 82 artiklar i dette arkivet.


10. året med innsamling til Estland

Elinor Bolme Fredag 21. april 2017

I går ettermiddag var den tradisjonelle «Estlandsinnsamlinga» i Sanitetshuset. Ruskete verbruk gjorde nok sitt til at det ikkje vart nokon innsamlingsrekord, eller så har todalingane no fått orden i overskuddslagra sine. I løpet av tre timar vart det levert 55 fulle svartsekkar som no allerede er levert til ekteparet Jensvoll i Rindal for vidare transport til Estland i løpet av neste veke.


Kammen hyttefelt – dei to første hyttene på plass

Jon Olav Ørsal Fredag 21. april 2017

I Kammen hyttefelt er dei to første hyttene på plass – totalt er det plass til 8 hytter i den øvre avdelinga. No kjem ei utvidig av feltet, med eit område med 4 ekslusive tomter ved sjøen, der det og er planer om båthamn og naust. I det øvre feltet er alt infrastruktur som veg og vatn på plass, og til sommarferien blir nok dei første hyttene innflyttingsklare.


Strikk i godt selskap

Elinor Bolme Fredag 21. april 2017

Laurdag klokka 13 arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan, om du berre vil komme for eit triveleg selskap ein laurdags ettermiddag.


KBK eller LSK fan? Vinn billettar til eliteserieoppgjøret!

Elinor Bolme Torsdag 20. april 2017

Todalen IL har fått dei fire billettane som Surnadal kommune disponerer til kampen KBK – Lillestrøm laurdag 13. mai kl 18.00. Desse ønsker idrettslaget å lodde ut blant todalen.no sine lesarar.


Kulturskulen med ledige timar til hausten

Elinor Bolme Torsdag 20. april 2017

Kulturskolen på Indre Nordmøre har no ledige elevplasser i musikk, dans, drama/teater og kunstfag.

Her er det undervisning i jazzdans, hiphop, klassisk dans, gitar, trommer, piano/keyboard, elbass, sang, fiolin og ulike blåseinstrument.


Bygdeungdomslaget arrangere kurs i bruk av motorsag

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. april 2017

Bygdeungdomslaget er kjent for sine tevlingar i forskjellige praktiske øvingar, mellom anna bruk av motorsag. No blir det kurs i bruk av motorsag, og det er høve til å henge seg på for å lære sikker bruk av motorsag. Kurset er lagt opp med tanke på deltaking tevlingar, og skje på Mauset i Surnadal på adressa Surnadalsvegen […]


Laurdag – Den store gullfinalen i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. april 2017

Komande laurdag kl 17 er det duka til stor finale i årets sjakkturnering. Denne turneringa har pågått i Kaffekroken på Halsbua på etterjulsvinteren, og no er det for lengst klart kven som skal møtast til finale sluttspel i Ungdomshuset – I gullfinalen møtes Amund Talgø og Kristoffer Nordvik, medan bronsefinalen står mellom Brage Hauglann Talgø mot Bernt Venås. Her blir det nok spenning frå første stund, og sjakkgjengen oppfordrar publikum til å kome på finalen.


Medlemsmøte i pensjonistlaget

Elinor Bolme Onsdag 19. april 2017

Surnadal Pensjonistlag skal ha medlemsmøte 25. april kl 1500 på sjukeheimen. Det blir song og musikk, kåseri ved Torbjørn Brøske, utlodning og servering. Vi ønskjer alle vel møtt!


Kom med overskuddslageret ditt!

Elinor Bolme Onsdag 19. april 2017

Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er allerede i morgon mellom klokka 17 og 20 i Sanitetshuset.


Rekordtidleg sesongåpning og klargjering for nye investeringar

Elinor Bolme Tysdag 18. april 2017

I påskehelga har det vore full aktivitet på Surnadal Golfklubb sin bane på Kvanne. Påskelaurdag var det rekordtidleg sesongstart med påskescramble. Medan det 2. påskedag var dugnad for å grøfte til kablar og å få på plass «hus» til dei nye robotklipparane som er bestilt.


Lapskaus på menyen

Elinor Bolme Tysdag 18. april 2017

Omsorgsberedskap Todalen sanitetsforening inviterer bygdafolket til ny middagsservering i sanitetshuset tirsdag 25.april kl.13.00.


Kraftkar på lestå – vinnaren er kåra

Elinor Bolme Tysdag 18. april 2017

Heller ikkje i år var det nokon som greidde å løyse årets krimgåte. Muleg spora var for små, men tilbakemeldingane vi har fått er i alle fall at underhaldningsverdien har vore stor!