Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2017

Vi fann 82 artiklar i dette arkivet.


No er det tid for branntilsyn….

Jon Olav Ørsal Måndag 3. april 2017

Måndag trefte vi feiarane Jon Nordvik og Hans Chr. Hårstad i Brusetmarka, der dei hadde branntilsyn hos Gunnar Nordvik – både i verkstaden og i privatboligen. Dei hadde starta ovafor Falla, og er no komne til Brusetmarka. Men dei skal fullføre runden rundt heile bygda før dei gir seg, fortalte Jon.


Søk midlar til ditt lag eller forening

Elinor Bolme Måndag 3. april 2017

Vi har fått ei melding frå kultureininga i Surnadal kommune vedrørande ulike søknadsfristar på kulturmidlane for 2017.


Hundre prosent oppmøte!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. april 2017

Søndag 2. april var det utdeling av «Mi kyrkjebok» til 6-åringane i Todalen sokn. Alle dei fem seksåringane var møtte fram for å ta imot boka si – altså 100 %, det tykte Torbjørn prest var riktig kjekt.


Mange elementbygg til Helgeland

Jon Olav Ørsal Sundag 2. april 2017

Talgø MøreTre sel elementbygg over heile landet – vi har tidlegare skrive om ridehallen som vart levert til Barduområdet, og det er elles levert elementbaserte landsbruksbygg i tre over heile landet. Men sjølsagt er flest bygg levert til kundar i region Midt-Noreg. – Mange prosjekt har gått gjennom Bindalsbygg, som er ein Talgø-eigd Bygger’n-butikk som er lokalisert til Terråk i Bindal kommune. I forrige veke hengte vi oss på da byggsjefen sjøl, Svein Løvik besøkte kundar og prosjekt i Sør-Helgeland sammen med konsernsjefen.


Biblioteket – Opningstid for Todalen filial

Jon Olav Ørsal Sundag 2. april 2017

Karen Johanne ved bibliotekets filial i Todalen melder om avvik i opningstida nokre veker i vår. Førstkomande veke er biblioteket stengt måndag 3. april – i staden er det ope torsdag 6. april til vanleg tid – frå kl 18-20. Måndagane 10. og 17. april er det påskeferie og dermed stengt ved filialen i Todalen.


Måndagstur til Løfta og Sissihaugen

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. april 2017

Kløverturen måndag 3. april blir på Kvennset. Oppstart frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset, eventuelt oppover til Løfta og Sissihaugen.


Vårteikn og store vedrøyser…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. april 2017

Skal ein dømme etter størrelsen på vedrøysene så går vi ein skikkeleg kaldvinter i møte til neste vinter.  Når arbeidet med vedkapping og kløyving startar, så er det eit sikkert vårteikn.  Da er det viktig å kome i gang tidleg, og så trur eg det føles som status å ha store røyser og mange vedpallar. […]


Abraham kjem med laurdagsavisa…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. april 2017

Sidan Posten slutta med distribusjon av laurdagsavisa er det Abraham som har sørga for at avisene kjem i rette postkassane. Abraham har ansvaret for Todalen, Kvanne og Stangvik. Litt plunder var det nok i starten, men etter kvart er han komen godt i system og no er runden raskt unnagjort.


Vatn både gjev og tek liv

Elinor Bolme Laurdag 1. april 2017

Akkurat no er det ei kritisk tørke i fleire afrikanske land. Over 660 millionar menneske må drikke ureint vatn. Den 4. april kl 17 skal Todalen kyrkjelyd gjere sitt bidrag når Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp feirar 50 år.


Eit samla styre tek gjenvalg

Elinor Bolme Laurdag 1. april 2017

Torsdag kveld var det Todalen Idrettslag sin tur til å avhalde sitt årlege årsmøte. Vel 20 av 230 betalande medlemmer møtte fram for å gå igjennom alle dei ulike undergruppene sine årsmeldingar, rekneskap og ikkje minst årets valg.