Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2017

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til årsmøte i Todalen Idrettslag

Jon Olav Ørsal Fredag 24. februar 2017

Todalen Idrettslag inviterer til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 30. mars kl 19.  Årsmøtet er kunngjort ved oppslag på Matkroken og gjennom Todalen.no. Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå seinast 23.mars.      


På med skia, no er det fint i lysløypa

Elinor Bolme Torsdag 23. februar 2017

Ståle Ansnes melder til redaksjonen om at no er det topp forhold for ein skitur i lysløypa på Tjønnmyra. Han har bruka deler av dagen til å lage nye spor etter siste snøfall som kom i natt. Det er ikkje meldt unormalt mildver i helga, så muligheitene for litt trim er da kanskje tilstades.    


Bjørnis er kommet til Surnadal brannvesen

Elinor Bolme Torsdag 23. februar 2017

Surnadal brannvesen har no inngått avtale med Norsk brannvernforening om bruk av Brannbamsen Bjørnis i sitt forebyggjande arbeid retta mot barn i Surnadal kommune. Avtalen er rykande fersk denne veka, så brannsjef Tor Arne Moen har ikkje alle detaljar om bruk og profilering klare enda. Prosjekleder for Bjørnis, Rikard Heimen derimot er rimelig klar på at Bjørnis er 5. mann i brannbilen. Bamsen skal væra fast inventar i alle bilane og gis til barn som er involvert i ulykker, har vore vitne til ulykker eller andre situasjonar som kan opplevas som dramatiske for dei.


Påmelding til fotterapi

Elinor Bolme Torsdag 23. februar 2017

Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 6. og tysdag den 7. mars på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.


Oscar på dagtid

Steinar Hasselø Torsdag 23. februar 2017

Dei beste filmane vil få sine oscars natt til måndag. No har du sjansen til å få med deg to av dei største favorittane på dagtid. Surnadal Kino har sett opp mange ekstraforestillingar i vinterferieveka; mellom anna med to av dei store oscarfavorittane.


Forsvarsforeninga – uttalelse fra årsmøtet

Jon Olav Ørsal Måndag 20. februar 2017

Sist torsdag hadde Indre Nordmøre Forsvarsforening årsmøte med godt oppmøte på Hammerstuene. Årsmøtet var bekymra for utviklinga i Forsvaret, og vedtok ein uttalese som er gjengjeven nedafor. På årsmøtet vart det elles gjenval av styret som består av leiar Olav Jostein Holten, nestleiar Lars
Indreiten, sekretær Johannes J. Vaag, kasserar Halvor Flatekval og styremedlem Arvid Gjengstø.


Kilian vart raskast i vertikalen

Jon Olav Ørsal Sundag 19. februar 2017

Det var vel ikkje uventa at også søndag vart Kilian Jornets dag i Dalalia på Kårvatn. Sjølv om Håkon K. Johannesen var raskast ut frå stadion, så var Kilian ganske raskt i tet og berre auka på etter kvart.  Kilian var først på toppen (909 m), 3:16 føre Ola Hovdenak og 4:48 føre Håkon Klerud […]


Måndag – ny Kløvertur, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. februar 2017

Måndag 20. februar blir det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turruta denne gongen er slik: Frå Matkroken går turen ned forbi fabrikken til Bordholmen, langs Toåa til Gunnøya og eventuelt innover til Båthølen og retur til butikken.


Fullt hus for fotoutstillinga til Reidar

Elinor Bolme Laurdag 18. februar 2017

I dag var det fotoutstilling i Skulstuå. Og ved åpning klokka 13 vart det nesten for lite plassar til alle som kom og ville sjå salgsutstillinga til Reidar Østvik. Han hadde med seg godt og vel 30 bilder, som vart godt motteke av dei som tok turen.


Kilian Jornet til topps i Dalalia – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. februar 2017

Det var vel ikkje noko stor overrasking at Kilian Jornet gikk til topp under dagens randoneecup på Kårvatn i Todalen. Med bestetida 1:16:56 kom han i mål 10 minutter før Håkon Klerud Johannesen, som kom inn på andre. I juniorklassen kan vi glede oss over at Sondre A. Svensli får det til å fungere igjen etter sjukdomsavbrekket.


Startar dataklubb i Surnadal Pensjonistlag

Jon Olav Ørsal Fredag 17. februar 2017

På nyåret arrangerte Surnadal pensjonistlag datakur for sine medlemar. Dette var det stor interesse for og dei kjørte faktisk to parti for at alle interesserte skulle få delta. No er dei ferdige med datakurset, og no dei datainteresserte pensjonistane fortsette å treffast, og kanskje andre også vil vere med, lurar leiar Kristian Ranes.


Kinoen tar absolutt ikkje vinterferie!

Steinar Hasselø Fredag 17. februar 2017

Sjølv om vêrmeldingane er «bob-bob», legg Surnadal kino opp til at alle skal få ein heidundrande vinterferie. Det er sett opp 18 heile framsyningar i løpet av ferieveka – og med ei spennvidde få kan matche!