Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forsvarsforeninga – uttalelse fra årsmøtet

Jon Olav Ørsal Måndag 20. februar 2017

Sist torsdag hadde Indre Nordmøre Forsvarsforening årsmøte med godt oppmøte på Hammerstuene. Årsmøtet var bekymra for utviklinga i Forsvaret, og vedtok ein uttalese som er gjengjeven nedafor. På årsmøtet vart det elles gjenval av styret som består av leiar Olav Jostein Holten, nestleiar Lars
Indreiten, sekretær Johannes J. Vaag, kasserar Halvor Flatekval og styremedlem Arvid Gjengstø.

Pensjonert orlogskaptein Ivar Olaf Halse var tilstades og ga ei svert god orientering om Vardøhus festning og historia omkring denne. Halse har sjølv vore kommandant ved festninga i ein periode.

«UTTALELSE FRÅ ÅRSMØTET I INDRE NORDMØRE FORSVARSFORENING 16.02.2017.

Årsmøtet i Indre Nordmøre forsvarsforening ( INF ) er sers uroa over situasjonen i Forsvaret generelt og Heimevernet spesielt. Etter at Stortinget har vedteke langtidsplanen for Forsvaret, må midlar tilførast slik at Hæren og Heimevernet  vert styrka betydeleg , slik at heile landet får eit truverdig forsvar.                       

I den komande landmaktstudien må Hæren tilførast fleire avdelingar ,der vernepliktige mannskaper blir grunnstammen. Vidare må Heimevernet bestå med ein mannskapsstyrke og struktur minst  som i dag ( 45.000 ).  INF har merka seg at det er startet ein nedbygging av HV i Sør-Norge før landmaktstudien er fullført, og dette er med å skape uro i heile HV.  INF vil på det sterkaste frarå å slå saman Hæren og HV slik det vert åpna for på høgste politisk hald. Dette er to heilt ulike organisasjonar, med ulike oppdrag. 

Ut frå det nye stridsbegrepet « hybridkrig», vil Heimevernet utfylle ein svert viktig rolle i heile landet. Heimevernets spesielle rådsstruktur må heller ikke rokkast, då denne er eit svert viktig bindeledd mellom det sivile samfunn og Forsvaret og er med å halda forsvarsviljen oppe i folket i heile landet.»

Publisert: 20. februar 2017, 11:04