Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oscar på dagtid

Steinar Hasselø Torsdag 23. februar 2017

Dei beste filmane vil få sine oscars natt til måndag. No har du sjansen til å få med deg to av dei største favorittane på dagtid. Surnadal Kino har sett opp mange ekstraforestillingar i vinterferieveka; mellom anna med to av dei store oscarfavorittane.

«La La Land» ligg an til å bli den store Oscar-vinnaren i år, med utrulege 14 nominasjonar. Filmen handlar om musikaren Sebastian (Ryan Gosling) og skuespelaren Mia som strevar med å slå gjennom i LA (Los Angeles) – i alle fall heilt til dei møter kvarandre. Filmen har premiere fredag 24. februar. Merk også at «La La Land» blir vist på dagtid (kl. 13) laurdag 25. februar.

Før den tid er det muleg å få med seg Mel Gibsons «Hacksaw Ridge», som går på dagtid torsdag 23. og fredag 24. februar (kl. 13). «Hacksaw Ridge» er den sanne historia om pasifisten som vart ein av dei største krigsheltane i USA, og det utan å bære gevær.

Filmen gjekk på kinoen i desember, så difor treng vi ikkje denne gongen bruke aviskritikarar som sanningsvitne for at det er verdt å ta seg ein tur. Kinoen har fått berre positive tilbakemeldingar frå dei som har sett filmen her – og vi sluttar oss til at denne vil gjera inntrykk! Vi vil likevel advare dei som ikkje maktar å sjå slagscener, for det gjekk blodig for seg rundt sanitetssoldat Desmond Doss.

Det er slik at Surnadal kino ikkje viser alle dei mest populære oscarfilmane kvart år. Nokon får ein t.d. ikkje leige, og andre kjem ikkje på kino. Surnadal folkebibliotek prøver difor å bøte på det ved å få tak i nokre av desse filmane for utlån. Så saknar du noko på kino, kan du alltids ta kontakt med biblioteket.

Elles går desse filmane på kinoen denne veka: «LEGO-BATMAN-filmen» (onsdag 22., torsdag og så frå neste helg av igjen), «TRIO – Jakten på Olavsskrinet» (fredag 24., søndag, neste onsdag), «John Wick: Chapter 2» (torsdag 23.) og «Fifty Shades Darker» (onsdag 22.). Premierefilm for dei vaksne neste helg er «Logan: The Wolverine».

Publisert: 23. februar 2017, 06:41